Logo
🔍

Profeten Hosea 5 N78NN

« Folk og førarar har svikta

1. Høyr dette, de prestar, lyd etter, du Israels ætt! Kongehus, vend øyra til! For de har ansvar for retten, men de har vorte ¬ei snare for Mispa, eit utspent nett på Tabor

2. og ei djup fallgrav i Sjittim. Men eg vil tukta dei alle.

3. Eg kjenner Efraim, og Israel er ikkje løynd for meg. For no har du drive utukt, ¬Efraim, Israel har gjort seg urein.

4. Deira gjerningar hindrar dei i å venda om til sin Gud. For dei har ei utuktsånd ¬i hjarta og kjenner ikkje Herren.

5. Israels byrgskap vitnar ¬mot han sjølv, Israel og Efraim skal snåva ¬i si synd, og Juda skal snåva med dei.

6. Når dei kjem ¬med sitt småfe og storfe, og søkjer Herren, finn dei han ikkje; han har vendt seg bort frå dei.

Herren er som ei løve mot Efraim

7. Dei har vore trulause ¬mot Herren, for dei har fått uekte born. No skal nymånen gjera ende både på dei og jorda deira.

8. Lat hornet gjalla i Gibea, blås i trompet i Rama, lyft hærrop, Bet-Aven! Dei er etter deg, Benjamin!

9. Efraim skal verta ei øydemark den dagen straffa kjem. Mellom Israels ætter ¬har eg kunngjort det som visseleg skal henda.

10. Juda-hovdingane har vorte lik folk som flytter ¬merkesteinar. Over dei vil eg ausa ut min harme liksom vatn.

11. Efraim er trælka, retten er trakka under fot; for folket gav seg til å fylgja det som ingenting er.

12. Eg er som verkjesår for Efraim, som ròtenskap for Juda-ætta.

13. Då Efraim såg sjukdomen sin, og Juda merka såret sitt, gjekk Efraim til Assur og sende bod til storkongen. Men han kan ikkje ¬gjera dykk friske og ikkje lækja dykkar sår.

14. Sanneleg, eg er som ei løve ¬mot Efraim, som ei ungløve mot Juda-ætta. Ja, eg riv sund og går min veg, eg slepar bort, og ingen bergar.

15. Eg går min veg attende til min stad til dess dei vedkjennest ¬si skuld og søkjer mitt åsyn. I si naud skal dei leita ¬etter meg.

»