Logo
🔍

Profeten Hosea 6 N78NN

« Gud vil ha truskap

1. Kom, lat oss venda om ¬til Herren! For han som reiv sund, ¬vil lækja oss; han som slo, ¬vil binda om våre sår.

2. Han vekkjer oss til liv ¬etter to dagar, den tredje dagen ¬reiser han oss opp, så vi kan leva for hans åsyn.

3. Lat oss læra å kjenna Herren, ja, jaga etter å kjenna han! Han kjem like visst som ljoset om morgonen. Han kjem til oss som regnet, lik vårregn som væter jorda.

4. Kva skal eg gjera med deg, ¬Efraim? Kva skal eg gjera med deg, ¬Juda? Dykkar truskap ¬er som ei morgonsky, lik dogg som tidleg kverv.

5. Difor gjev eg dei hogg ¬ved profetane, eg drep dei ¬med ord frå min munn; mine domsord mot deg ¬går fram som ljoset.

Skamlaust verk har Israel gjort

6. For eg vil ha truskap, ¬ikkje slaktoffer, gudskjennskap heller ¬enn brennoffer.

7. Dei braut pakta i Adam, der var dei trulause mot meg.

8. Gilead er ein by ¬med ugjerningsmenn, han er full av blodspor.

9. Presteflokken er lik røvarar som ligg på lur etter menneske; dei myrdar på vegen til Sikem. Ja, skamlaust verk ¬har dei gjort.

10. I Israels hus ser eg fæle ting; der driv Efraim utukt, der gjer Israel seg urein.

11. For deg òg, Juda, er det fastsett ein haust.

»