Logo
🔍

Profeten Hosea 8 N78NN

« Israel gløymde skaparen sin

1. Set hornet for munnen! Fienden kjem som ei ørn over Herrens hus, for dei har brote mi pakt og synda mot mi lov.

2. Dei ropar til meg: «Min Gud! Vi kjenner deg, vi israelittar.»

3. Men Israel har vraka ¬det som godt er, fienden skal forfylgja dei.

4. Dei tok seg kongar, ¬men spurde ikkje meg, valde seg hovdingar ¬utan at eg visste om det. Dei laga seg gudebilete ¬av sølvet og gullet sitt. Difor skal dei rydjast ut.

5. Kast frå deg kalven din, ¬Samaria! Vreiden min logar mot dei. Kor lenge skal det vara før dei kan verta reine i Israel?

6. Ein kunstnar har laga ¬Samaria-kalven, og han er ingen gud; han skal verta slegen i knas.

7. Vind sår dei, ¬og storm skal dei hausta. Kornet skyt ikkje aks og gjev ikkje mjøl; og gjev det mjøl, ¬et andre det opp.

8. No er Israel slukt. Mellom folka ¬er dei lik eit kjerald som ingen bryr seg om.

9. Dei fór bort til Assyria lik eit villesel ¬som flakkar ikring. Efraim kjøper seg kjærleik.

10. Endå dei kjøpslår med folka, vil eg no driva dei saman. Dei skal vri seg ei lita stund under børa av skatt ¬til storkongen.

11. Efraim har laga seg mange altar som har fått dei til å synda.

12. Ei mengd med lover ¬har eg skrive for dei, men dei reknar dei ikkje ¬for sine.

13. Dei elskar å bera fram ¬slaktoffer, og dei et av kjøtet, men Herren har ikkje hugnad ¬i dei. No vil han koma ¬deira misgjerning i hug og krevja dei til rekneskap ¬for deira synder. Dei skal attende til Egypt.

14. Israel gløymde skaparen sin og bygde seg slott; Juda bygde ¬mange festningsbyar. Men eg vil senda eld ¬mot deira byar, han skal øyda deira borger.

»