Profeten Hosea 9 N78NN
1. Gled deg ikkje, Israel! Jubla ikkje ¬som dei andre folka! I utruskap har du gått bort ¬frå din Gud, du ville gjerne ha horeløn på alle stader ¬der dei treskjer korn.
2. Så skal ikkje treskjevoll og vinpresse gje dei føde, og vinhausten skal mislukkast ¬for dei.
3. Dei skal ikkje få bu ¬i Herrens land. Efraim skal attende til Egypt, og i Assyria ¬skal dei eta urein mat.
4. Dei skal ikkje ofra vin ¬til Herren, deira slaktoffer ¬skal ikkje tekkjast han. Det skal vera ¬som syrgjebrød for dei, alle som et det, vert ureine. For dei har sitt brød ¬for seg sjølve, det kjem ikkje til Herrens hus.
5. Kva vil de gjera ¬på høgtidsdagen, på Herrens festdag?
6. Sjå, kjem dei seg unna ¬øydelegginga, skal egyptarane samla dei og folket i Memfis ¬gravleggja dei. Nesler skal løyna ¬deira sølvskattar, klunger skal veksa i deira telt.
7. Komne er rekneskapsdagane, komen er attergjeldstida; det skal Israel få merka. «Profeten er ein dåre, vitlaus er åndsmannen!» Ja, fordi di misgjerning ¬er så stor og din fiendskap så sterk!
8. Profeten er Efraims vaktar ¬for min Gud, men snarer er det ¬på alle hans vegar; det er fiendskap i huset ¬åt hans Gud.
Efraim skal ikkje lenger bera frukt9. Djupt har dei sokke ¬i vondskap, som i Gibeas dagar. Han skal koma ¬deira misgjerning i hug og krevja dei til rekneskap ¬for deira synder.
10. Som druer i øydemarka fann eg Israel; som tidlegfrukt ¬på det unge fikentreet valde eg ut dykkar fedrar. Men då dei kom til Ba’al-Peor, vigde dei seg ¬til den avskyelege guden og vart ufyselege ¬som han dei elska.
11. Efraims herlegdom kverv lik ein fugl som flyg bort. Ingen føder, ingen er svanger, og ingen vert med barn.
12. Jamvel om dei fostrar born, skal eg gjera dei barnlause. Ja, ve dei, ¬når eg går frå dei!
13. Eg såg Efraim planta i ei eng, like trygg som Tyrus. Men no må dei føra ¬borna sine ut til han som skal drepa dei.
14. Gjev dei, Herre! Men kva skal du gje dei? Gjev dei morsliv ¬som føder for tidleg, og bryst som ikkje gjev mjølk.
15. All deira vondskap ¬er samla i Gilgal, der fekk eg uvilje mot dei. Fordi dei har gjort ¬så mykje vondt, vil eg driva dei ut or mitt hus. Eg kan ikkje elska dei lenger, alle deira førarar er opprørarar.
16. Efraim er slegen, ¬rota deira er turka, dei skal ikkje lenger bera frukt. Og jamvel om kvinnene føder, lèt eg deira kjære born døy.
17. Min Gud skal støyta dei bort, fordi dei ikkje har høyrt ¬på han. Dei skal flakka ikring ¬mellom folka.