Logo
🔍

Profeten Jesaja 1 N11NN

Klage over Israel

1. Syn som Jesaja, son til Amos, såg om Juda og Jerusalem i dei dagane då Ussia, Jotam, Ahas og Hiskia var kongar i Juda.

2. Høyr, de himlar og lytt, du jord, for Herren talar: Born har eg fostra og oppdrege, men dei har sett seg opp imot meg.

3. Ein okse kjenner eigaren sin, eit esel krubba til herren sin. Men Israel kjenner ikkje, folket mitt forstår ikkje.

4. Ve det syndige folket, eit folk tungt av skuld, ei slekt som handlar vondt, born som øydelegg! Dei har forlate Herren, forakta Israels Heilage og vendt ryggen til han.

5. Har de ikkje fått nok slag? Gong på gong fell de frå. Kvart hovud er skadd, og kvart hjarte er sjukt.

6. Frå hovud til hæl er ingenting heilt, flengjer og skrammer og opne sår, ikkje reinsa, ikkje forbundne, ikkje bløytte opp med olje.

7. Landet dykkar ligg øyde, byane er brende, framande et opp jorda rett framfor auga på dykk. Det er audt som når framande har øydelagt.

8. Berre dotter Sion er att som ei lauvhytte i ein vingard, som eit vaktskjul på ei agurkmark, som ein kringsett by.

Offer og urett

9. Hadde ikkje Herren over hærskarane late nokre få av oss leva, då var vi som Sodoma, då likna vi på Gomorra.

10. Høyr Herrens ord, de Sodoma-hovdingar! Lytt til vår Guds lov, du Gomorra-folk!

11. Kva skal eg med alle desse slaktoffera dykkar? seier Herren. Eg er mett på brennoffer av vêrar og på feitt av gjøkalvar. Blod av oksar og bukkar og lam har eg ikkje lyst på.

12. Kven krev slikt av dykk når de kjem og viser dykk for mitt andlet? De trakkar ned føregardane mine.

13. Kom ikkje meir med unyttige gåver! Eg avskyr offerrøyken. Nymåne og sabbat, kunngjering av høgtider – eg toler ikkje urett og høgtid.

14. Eg hatar nymånedagane og høgtidene dykkar. Dei er ei bør eg er trøytt av å bera.

15. Når de lyfter hendene, lèt eg att auga for dykk. Same kor mykje de bed, høyrer eg ikkje. Hendene dykkar er fulle av blod.

16. Vask dykk, gjer dykk reine! Få dei vonde gjerningane bort frå auga mine, hald opp med å gjera vondt,

Guds tilbod om nåde

17. lær å gjera godt! Søk det som er rett, hjelp den undertrykte, ver forsvarar for farlause, før enkjers sak!

18. Kom, lat oss gjera opp vår sak! seier Herren. Om syndene dykkar er som purpur, skal dei bli kvite som snø, om dei er raude som skarlak, skal dei bli kvite som ull.

19. Dersom de er villige og lydige, skal de få eta det gode i landet.

Jerusalem skal reinsast

20. Men er de uvillige og trassige, skal de fortærast av sverd. For Herrens munn har tala.

21. Å, at den trufaste byen skulle bli ei hore! Han var full av rett, rettferd budde der, men no – mordarar!

22. Sølvet ditt har vorte til slagg, vinen din blanda med vatn.

23. Stormennene dine er opprørarar, dei held lag med tjuvar. Alle elskar stikkpengar og jagar etter gåver. Dei forsvarar ikkje den farlause og fører ikkje enkjers sak.

24. Difor seier Herren, allhærs Herre, Israels Mektige: Ve, eg vil ta igjen med motstandarane mine og hemna meg på fiendane!

25. Eg vil lyfta handa mot deg, reinsa ut slagget ditt med lut og skilja ut alt bly.

26. Eg vil igjen gje deg dommarar som i gamle dagar og rådgjevarar som i den første tida. Sidan skal du kallast Den rettferdige og trufaste byen.

27. Ved rett skal Sion løysast ut, ved rettferd dei som vender om.

28. Men svikarar og syndarar skal knusast, dei som forlèt Herren, skal gå til grunne.

29. De får skam av eikene som de var så glade i, og vanære av hagane som de likte så godt.

30. De skal bli som ei eik med visne blad, som ein hage utan vatn.

31. Den sterke skal bli til halm og verket hans til ein gneiste, saman skal dei brenna utan at nokon sløkkjer.

»