Logo
🔍

Profeten Jesaja 10 N11NN

«

1. Ve dei som gjev urettferdige påbod og skriv undertrykkjande forskrifter,

2. driv fattige bort frå domstolen og tek retten frå dei hjelpelause i folket mitt, gjer enkjer til sitt bytte og plyndrar farlause.

3. Men kva vil de gjera på oppgjersdagen, når øydelegginga kjem frå det fjerne? Kven flyktar de til for å få hjelp, og kvar vil de gjera av rikdomen dykkar

Dommen over Assur

4. utan å måtta knela blant fangar eller falla blant drepne? Men harmen hans har ikkje lagt seg med dette, handa er framleis lyft.

5. Ve Assur, mitt vreideris! Stokken dei har i handa, er min harme.

6. Eg sender han mot eit ugudeleg folk, byd han fara mot folket eg er harm på, for å plyndra og røva, ta bytte og rov og trakka det ned som avfall i gata.

7. Men det er ikkje slik han meiner det og ikkje slik hans hjarte tenkjer det, for han vil øydeleggja og utrydda mange folkeslag.

8. Han seier: «Er ikkje mine stormenn kongar alle saman?

9. Er ikkje Kalno som Karkemisj, Hamat som Arpad, Samaria som Damaskus?

10. Når handa mi har nådd til avgudsrika, der gudebileta overgår dei i Jerusalem og Samaria,

11. skulle eg ikkje då kunna gjera det same med Jerusalem og gudebileta hennar som eg gjorde med Samaria og gudane hennar?»

12. Men det skal skje: Når Herren har fullført heile sitt verk på Sion-fjellet og i Jerusalem, då krev eg kongen av Assur til rekneskap for frukta av hans hovmodige hjarte og glimtet i hans stolte auge.

13. For han har sagt: «Dette har eg gjort med mi sterke hand og i min visdom, for eg er klok. Eg har flytt grensene mellom folka og plyndra skattane deira, med makt har eg drive innbyggjarane ut.

14. Handa mi fann rikdomen til folka som ho finn eit fuglereir, og slik ein samlar forlatne egg, har eg samla alle kongerike på jorda. Det var ingen som rørte ein veng eller opna nebben og peip.»

15. Kan øksa briska seg mot han som høgg, set saga seg over han som sagar? Som om staven skulle svinga han som lyfter staven, og stokken lyfta han som ikkje er av tre!

16. Difor skal Herren, allhærs Herre, gjera dei kraftige karane hans magre. Under all hans prakt skal det tennast ein eld, ein brennande eld.

17. Israels lys skal bli ein eld og hans Heilage ein flamme som brenn og fortærer både torn og tistel på ein einaste dag.

18. I hans herlege skogar og hagar skal han gjera ende på sjel og kropp, det skal gå som når ein sjuk tærest bort.

Ein rest skal venda om

19. Så liten blir resten av tre i skogen at ein smågut kan skriva opp talet.

20. Den dagen skal resten av Israel og dei som slapp unna i Jakobs hus, ikkje lenger støtta seg til han som slo dei, men støtta seg i truskap til Herren, Israels Heilage.

21. Ein rest skal venda om til den veldige Gud, ein rest av Jakob.

22. For sjølv om folket ditt, Israel, var som havsens sand, skal berre ein rest venda om. Utslettinga er fastsett, med rettferd strøymer ho på.

23. For Herren, allhærs Gud, fullfører utslettinga som er fastsett over heile jorda.

24. Difor, så seier Herren, allhærs Gud: Mitt folk, du som bur på Sion, ver ikkje redd for Assur når han slår deg med stokken og lyfter staven sin over deg, slik dei gjorde i Egypt.

25. Om berre ei lita stund er det slutt på harmen min, vreiden min gjer ende på dei.

26. Då skal Herren over hærskarane svinga svepa over han, som då han slo Midjan ved Oreb-berget. Han skal lyfta staven over havet, slik han gjorde i Egypt.

Fienden går mot Jerusalem

27. Den dagen skal det skje at han tek børa bort frå skuldra di og åket frå nakken din. Så velfødd blir du at åket går sund.

28. Han er komen over Ajjat og har drege forbi Migron. I Mikmas lagrar han utstyr.

29. Dei har gått gjennom skardet. «I Geba slår vi leir for natta!» Rama skjelv, Sauls Gibea har rømt.

30. Skrik høgt, du Gallims dotter! Lytt, Laisja! Svar, Anatot!

31. Madmena har kome seg unna, dei som bur i Gebim, har berga seg.

32. Alt i dag vil han stå i Nob. Han svingar handa mot fjellet til dotter Sion, Jerusalems høgd.

33. Sjå, Herren, allhærs Herre, høgg greinene av med veldig kraft. Høgvaksne tre blir felte, høge stammar skal falla.

34. Tettaste skogen skal hoggast ned med øks. Libanon skal falla for Den veldige.

»