Logo
🔍

Profeten Jesaja 11 N78NN

« Frelsarkongen og riket hans

1. Ein kvist skal renna ¬or Isai-stuven, ein renning skal skyta opp ¬frå hans røter.

2. Herrens Ande ¬skal kvila over han, Anden med visdom og vit, Anden med råd og styrke, Anden som gjev kunnskap ¬om Herren og age for han.

3. Han skal ha sin hugnad ¬i age for Herren. Han skal ikkje døma ¬etter det han ser, og ikkje skifta rett ¬etter det han høyrer.

4. Han skal døma armingar ¬med rettferd, fella rettvis dom ¬for dei verjelause i landet. Han skal slå valdsmenn ¬med riset i sin munn og drepa dei gudlause ¬med anden frå sine lipper.

5. Rettferd skal vera ¬beltet om livet og truskap ¬beltet om hoftene hans.

6. Då skal ulven bu saman ¬med lammet, og leoparden liggja i lag ¬med kjeet. Kalv og ungløve ¬skal beita saman, og ein smågut skal gjæta dei.

7. Ku og bjørn skal gå og beita, ungane deira skal liggja i lag, og løva skal eta halm ¬som oksen.

8. Spedbarnet skal leika ¬innmed hola åt hoggormen, og veslebarnet skal retta ut ¬si hand mot bolet åt eiterormen.

9. Ingen skal gjera vondt ¬eller ugagn på heile mitt heilage fjell. For landet er fylt ¬av kunnskap om Herren, liksom vatnet ¬dekkjer havsens botn.

Dei bortførte skal venda heim att

10. Den dagen skal folkeslag søkja til renningen or Isais rot. Han skal stå som eit ¬samlingsmerke for folka, og bustaden hans skal vera full ¬av herlegdom.

11. Då skal Herren endå ein gong retta ut si hand og vinna att den resten som er leivd ¬av folket hans, frå Assur, Egypt, Patros ¬og Nubia, frå Elam, Sinear, Hamat ¬og havstrendene.

12. Han skal reisa ei fane for folka, samla dei bortdrivne av Israel og føra det spreidde ¬Juda-folket heim att ¬frå verdsens fire hjørne.

13. Då skal Efraims avund kverva og Judas fiendskap verta ¬utrudd. Efraim skal ikkje misunna Juda og Juda ikkje visa fiendskap ¬mot Efraim.

14. Dei slår ned ¬på filistar-skråninga i vest, og saman plyndrar dei ¬stammene i aust. Dei legg si hand ¬på Edom og Moab, og ammonittane må lyda dei.

15. Då skal Herren turka ut havbukta ved Egypt og svinga si hand over Eufrat, kløyva elva ¬med sin sterke storm så ho vert til sju bekker, der folk kan gå turrskodde ¬over.

16. For resten av Herrens folk som vert berga frå Assur, skal det vera ein jamn veg som det var for israelittane den dagen dei drog ut ¬or Egypt.

»