Profeten Jesaja 12 N78NN
1. Den dagen skal du seia: Eg takkar deg, Herre. Du var harm på meg. Men harmen din kvarv, ¬og du trøysta meg.
2. Sjå, Gud er mi frelse, eg er trygg og ottast ikkje. For Herren er mi kraft ¬og min styrke, og han har vorte mi berging.
3. Med fagnad skal de ausa vatn or frelseskjeldene.
4. Og den dagen skal de seia: Lovpris Herren ¬og kall på hans namn! Kunngjer hans gjerningar ¬mellom folka, forkynn at hans namn ¬er opphøgt!
5. Syng for Herren, ¬for han har gjort storverk; lat heile verda få vita det!
6. Rop høgt av fryd og fagnad, de som bur på Sion! For stor er Israels Heilage, og han er midt imellom dykk.