Logo
🔍

Profeten Jesaja 13 N78NN

« Babels undergang

1. Domsord mot Babel, som Jesaja, son til Amos, fekk i eit syn:

2. Reis samlingsmerket ¬på snaue fjellet, og rop til folket med høg røyst! Veifta med handa ¬at dei kan dra inn gjennom portane ¬åt dei gjæve menn!

3. Eg har kalla inn ¬mine vigsla menn, har samla mine stolte, ¬jublande stridsmenn, som skal tena meg ¬i min vreide.

4. Høyr ståket bortover fjella som av ein veldig hop! Høyr larmen av kongerike, av folkeslag som samlar seg! Det er Herren, Allhærs Gud, som mønstrar sin hær.

5. Dei kjem frå eit land ¬langt borte, frå den ytste himmelrand, Herren og dei folk ¬han vil bruka når han i sin harme legg heile jorda i øyde.

6. Set i med klagerop, for Herrens dag er nær. Han kjem med øydelegging frå Den Allmektige.

7. Difor sig alle hender, kvart menneske misser motet.

8. Dei vert gripne av redsle. Ve og verk kjem over dei, dei vrid seg ¬som ei fødande kvinne. Mållause stirer dei ¬på kvarandre, eldraude er dei i andletet.

9. Sjå, full av gru er Herrens dag, han kjem med harme ¬og brennande vreide. Han skal gjera jorda aud og rydja ut syndarane der.

10. For stjernene og stjernebileta ¬på himmelen lèt ikkje ljoset sitt skina. Mørk er sola når ho renn, og månen lyser ikkje.

11. Eg vil straffa jorda ¬for hennar vondskap og dei gudlause ¬for deira misgjerning. Eg gjer ende ¬på dei store og stolte og bøyer hovmodige ¬valdsmenn.

12. Eg gjer folk meir sjeldne ¬enn reint gull, menneske meir sjeldne ¬enn gull frå Ofir.

13. Difor skjek eg himmelen, og jorda skjelv ¬så ho kjem av lage, fordi Herren, Allhærs Gud, ¬er harm den dagen vreiden hans brenn.

14. Liksom skræmde gasellar, lik sauer som ingen samlar, skal dei venda seg, ¬kvar til sitt folk, og røma, kvar til sitt land.

15. Den som vert funnen, ¬skal gjennomstingast, og den som vert gripen, ¬skal falla for sverd.

16. Småborna deira skal knusast beint framfor augo på dei; husa deira skal plyndrast og kvinnene takast med vald.

17. Sjå, eg eggjar medarane ¬mot dei, eit folk som ikkje bryr seg ¬om sølv og ikkje trår etter gull.

18. Med boge feller dei ¬unge menn, dei sparer ikkje fosteret ¬i mors liv og har ikkje medkjensle ¬med born.

19. Med Babel, ¬krona mellom kongerike, den stolte kaldear-prydnaden, skal det gå som då Gud la Sodoma og Gomorra i øyde.

20. Aldri meir skal byen byggjast, frå ætt til ætt skal ingen bu der. Der skal ingen beduin ¬slå opp sitt telt og ingen gjætar la dyra kvila.

21. Men ørkendyr skal liggja der og husa fyllast av ugler. Der skal strutsar halda til og raggetroll hoppa ikring.

22. Ville hundar skal yla i borgene og sjakalar i vellyst-slotta. No stundar byens time til, han har ikkje mange dagar att.

»