Logo
🔍

Profeten Jesaja 14 N78NN

« Når Israel kjem heim att

1. Herren skal miskunna seg over Jakob og endå ein gong velja ut Israel og la dei få bu i landet sitt. Framande skal sameina seg med dei og halda seg til Jakobs ætt.

Babel-kongen fell

2. Folkeslag skal ta dei og føra dei heim, og så skal Israels ætt i Herrens land gjera andre folk til sin eigedom, til trælar og trælkvinner. Dei som heldt dei i fangenskap, skal verta deira fangar, og dei skal rå over dei harde herrane sine.

3. Den dagen Herren lèt deg kvila frå ditt strev og di uro og frå det harde trælearbeidet som vart lagt på deg,

4. då skal du syngja denne spottevisa om Babel-kongen: Sjå, no er det ute ¬med valdsherren, no er det slutt ¬på hans ville framferd!

5. Herren har brote sund staven ¬åt dei gudlause, styrarstaven åt tyrannane,

6. som råka folkeslag i harme og aldri heldt opp med å slå, som tvinga folket under seg ¬i vreide og forfylgde dei utan miskunn.

7. Heile jorda har fått fred og ro, folk set i med fagnadrop.

8. Jamvel sypressane gleder seg over det som har hendt deg, og sedrane på Libanon jublar: «Sidan du fall, kjem ingen opp og feller oss.»

9. Dødsriket der nede kjem i uro når det skal ta imot deg. For di skuld ¬vekkjer det daudingar, alle som var fyrstar på jorda; det får alle kongane over folka til å reisa seg frå sine troner.

10. Dei tek til ords og seier til deg: «Så er du òg vorten kraftlaus ¬som vi, no er vi alle like.

11. Du som var så stor og stolt, til dødsriket er du nedstøytt med dine klingande harper. No ligg du på ei roten lege, mòl og makk er ditt teppe.»

12. Kor du er fallen frå himmelen, du strålande morgonstjerne, du son åt morgonroden! Kor du er slengd til jorda, du som la under deg folkeslag!

13. Det var du som tenkte ¬med deg: «Til himmelen vil eg stiga opp; høgt over Guds stjerner reiser eg min kongsstol. Eg tek sete på tingfjellet ¬lengst i nord.

14. Eg vil stiga opp ¬over dei høge skyer og gjera meg lik Den Høgste.»

15. Nei, til dødsriket ¬er du nedstøytt, lengst ned i den djupe hola.

16. Dei som ser deg, stirer på deg, undrast og seier: «Er dette den mannen ¬som skok jorda og fekk kongerike til å skjelva,

17. han som gjorde verda ¬til ei øydemark, la byar i grus og aldri lét fangar ¬få fara heim?»

18. Alle kongane over folka kviler med ære, kvar i sitt hus.

19. Men du ligg bortslengd ¬og har inga grav, du er som ein vanvørd kvist. Du er overbreidd ¬av drepne menn, som er gjennombora med sverd og kasta ned i ei steingrav, som eit nedtrakka åtsel.

20. Du får ikkje koma i grav ¬med andre, for landet ditt har du øydt, og folket ditt har du drepe. Dei som er ætta ¬frå ugjerningsmenn, skal aldri nemnast meir.

21. Gjer slaktebenken ferdig ¬til sønene hans for den misgjerning ¬deira fedrar har gjort! Dei skal ikkje stå opp ¬og ta jorda i eige og grunnleggja byar ¬kringom i verda.

22. Eg vil reisa meg mot babylonarane, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud. Eg vil rydja ut alt folket i Babel og gjera ende på deira ettermæle; jamvel born og etterkomarar vil eg rydja ut, lyder ordet frå Herren.

Kven gjer Herrens plan til inkjes?

23. Eg gjer Babel til ein heim for hegrar og til eit myrlende. Eg sopar det bort med ein kost som øydelegg alt, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.

24. Herren, Allhærs Gud, ¬har svore: Det eg har tenkt, ¬skal sanneleg henda; det eg har sett meg føre, ¬står fast.

25. Eg vil knusa assyrarane ¬i landet mitt og trakka dei ned på ¬fjella mine. Åket deira skal takast bort frå dei som er trælka, og børa lyftast av deira aksel.

26. Dette er den plan som er lagd for all jorda, og dette er den hand som er utrett mot alle folkeslag.

Åtvaring til filistarane

27. Når Herren, Allhærs Gud, ¬har lagt ein plan, kven kan gjera han til inkjes? Og når hans hand er utrett, kven kan venda henne bort?

28. Det året kong Akas døydde, kom dette domsordet:

29. Gled dykk ikkje, ¬de filistarar, fordi staven som slo dykk, ¬er broten. For av ormeætta ¬kjem det ein eiterorm, og hans frukt ¬er ein flygande orm.

30. På mi jord ¬skal småkårsfolk finna føde og dei fattige kvila trygt. Men di ætt lèt eg døy av svolt, og dei som er att av deg, ¬skal tynast.

31. Hyl, du port, og skrik, du by! Skjelv av redsle, ¬heile Filistarland! For ein røyk kjem drivande ¬frå nord, og ingen ligg etter ¬i fiendeflokken.

32. Kva skal vi svara ¬sendemennene frå folket? At Herren har grunnlagt Sion, og at der finn armingane ¬i folket hans livd.

»