Logo
🔍

Profeten Jesaja 15 N11NN

« Moab

1. Bodskap om Moab. I ei natt av vald gjekk Ar-Moab til grunne. I ei natt av vald gjekk Kir-Moab til grunne.

2. Dei går opp til tempelet, Dibon går til offerhaugane for å gråta. Moab sørgjer over Nebo og Medeba. Kvart hovud er snauklipt, alt skjegg er raka av.

3. I gatene går dei kledde i sekkestrie, på tak og torg sørgjer alle, tårene renn.

4. Hesjbon og Elale klagar, skrika høyrest heilt til Jahas. Difor ropar Moabs krigarar, dei skjelv og mistar motet.

5. Hjartet mitt klagar over Moab. Dei flyktar til Soar og Eglat-Sjelisjia, gråtande går dei opp bakkane til Luhit, på vegen til Horonajim klagar dei høgt over samanbrotet.

6. For Nimrim-vatnet blir til ørkenland, graset tørkar bort, enga visnar, det finst ikkje noko som er grønt.

7. Difor tek dei det som er att, det dei har teke vare på, og ber det over Arabim-bekken.

8. Ja, klageropet går rundt om i Moab-landet, skriket når til Eglajim, skriket når til Beer-Elim.

9. For vatnet i Dimon er fullt av blod, og endå sender eg meir mot Dimon: løver mot dei som slapp unna frå Moab, og mot dei som er att i landet.

»