Logo
🔍

Profeten Jesaja 15 N78NN

« Moab går under

1. Domsord mot Moab. Å, på ei natt ¬vart Ar-Moab herja og gjekk til grunne. Ja, på ei natt ¬vart Kir-Moab herja og gjekk til grunne.

2. Folket i Dibon ¬går opp til templet, til offerhaugane og vil gråta. Moabittane held klage fordi Nebo og Medeba er tapte. Kvart hovud er snauklypt, alt skjegg er avraka.

3. I gatene går dei ¬med syrgjeplagg, på tak og torg jamrar dei alle, medan tårene renn.

4. Folket i Hesjbon ¬og El’ale klagar, heilt til Jahas høyrest deira rop. Difor jamrar Moabs krigsmenn, dei skjelv og misser motet.

5. Mitt hjarta klagar over Moab. Dei som rømer der, ¬kjem til Soar og til Eglat-Sjelisjia. Ja, oppetter bakken til Luhit går folk og græt. På vegen til Horonajim klagar dei høgt ¬over samanbrotet.

6. For Nimrim-vatnet ¬vert ei øydemark; gras og groe turkar bort, det er ikkje meir noko grønt.

7. Difor tek dei det som er att av det dei har samla, og fører det over Seljebekken.

8. Ja, klageropet lyder rundt om i Moab-landet; jammerskriket når til Eglajim og til Be’er-Elim.

9. For i Dimon ¬er vatnet fullt av blod. Men endå meir ulukke ¬sender eg mot Dimon: løver mot dei ¬som slapp unna frå Moab, og mot dei som er att i landet.

»