Logo
🔍

Profeten Jesaja 16 N11NN

«

1. Send eit lam til herskaren i landet, frå Sela i øydemarka til fjellet åt dotter Sion!

2. Som flaksande fuglar jaga frå reiret skal Moabs døtrer vera ved Arnons vadestader.

3. «Gjev oss råd og finn ein utveg! Lat skuggen din bli som natta midt på dagen. Løyn dei bortdrivne, svik ikkje dei som har flykta!

4. Lat dei som er drivne bort frå Moab, få halda til hos deg! Ver eit ly for dei mot den som herjar!» Når undertykkinga er over og herjinga slutt, når den som trakkar ned, er borte frå landet,

5. då skal det av miskunn reisast ei trone, og på den skal det i truskap sitja ein dommar i Davids telt, ein som søkjer rett og fremjar rettferd.

6. Vi har høyrt kor umåteleg stolt Moab er, kor hovmodig, stolt og frekk han er, kort tomt han skryter.

7. Difor sørgjer Moab over Moab, alle sørgjer dei, ja, motlause skal de sukka over rosinkakene i Kir-Hareset.

8. For vinmarkene i Hesjbon er tørka inn, og vinstokkane i Sibma. Herrar over folkeslag vart slegne til jorda av dei raude druene som nådde heilt til Jaser og voks vilt i øydemarka, rankene spreidde seg og nådde heilt til sjøen.

9. Difor græt eg med Jaser over vinstokkane i Sibma. Eg vatnar deg med tårene mine, Hesjbon og Elale. For det er slutt på dei glade ropa over di frukt og di grøde.

10. Glede og jubel er borte frå hagane, og på vinmarkene er det ingen som syng eller ropar. Ingen trakkar druer i vinpressene, dei glade ropa har stilna.

11. Difor dirrar mitt indre som ei lyre for Moab, mitt hjarte for Kir-Heres.

12. Men når Moab viser seg og slit seg ut på offerhaugen, når han går til sin heilagdom for å be, nyttar det ikkje.

13. Dette er det ordet som Herren før har tala om Moab.

14. Men no seier Herren: Om tre år, slik som leigefolk reknar åra, skal Moabs ære bli til vanære, så folkerikt det er, og dei få som er att, skal bli maktlause.

»