Logo
🔍

Profeten Jesaja 16 N78NN

« Moab bed Sion om hjelp

1. Send nokre verlam ¬til landsens herre, frå Sela i øydemarka til Sions fjell og by!

2. Som flaksande fuglar, som fugleungar, ¬skræmde or reiret, skal Moabs døtrer vera ved Arnons vadestader.

3. «Gjev oss råd, ¬og finn ein utveg! Lat skuggen din verna oss midt på dagen ¬som var det natt. Løyn dei bortdrivne, svik ikkje dei som har rømt!

4. Lat dei bortdrivne frå Moab finna tilhald hjå deg! Ver ei livd for dei mot fienden som herjar!» Når hardferda er til ende og herjinga slutt, når dei som trakkar ned ¬for fote, er borte frå landet,

Moabs hovmod og fall

5. då skal ein kongsstol reisast ¬i truskap, og på den skal det ¬i sanning sitja ein domar, i Davids telt, ein som legg vinn på rettferd og med iver gjer det ¬som er rett.

6. Vi har høyrt kor store og stolte ¬moabittane er; kaute er dei og hovne og frekke ¬og store i ord.

7. Difor jamrar moabittane, alle jamrar over Moab. Motlause sukkar dei over mennene i Kir-Hareset.

8. Ja, Hesjbons vingardar ¬har turka bort, vintrea i Sibma står visne. Dei raude druene ¬som voks der, vart slegne til jorda ¬av herrar over folkeslag. Vintrea nådde heilt til Jaser og spreidde seg ut ¬i øydemarka. Rankene strekte seg vidt ikring og nådde ut over sjøen.

9. Difor græt eg med Jaser over vintrea i Sibma. Eg vatnar deg med ¬tårene mine, Hesjbon og El’ale. For over di frukt og di grøde lèt fienden krigsropet ljoma.

10. Glede og jubel ¬har kvorve frå hagane. Det er ingen som jublar ¬i vingardane, der lyder ikkje glederop. Ingen trakkar druer ¬i vinpressene, dei glade rop er stilna.

11. Difor bivrar mitt bryst som lyrestrenger for Moab; mitt hjarta bivrar for ¬Kir-Heres.

12. Men når moabittane stig fram og trøyttar seg ut ¬på offerhaugen, når dei går til sin heilagdom ¬og bed, så får dei ingen ting.

13. Dette er det ordet som Herren før har tala om Moab.

14. Men no seier Herren: Om tre år – så som ein leigekar reknar åra – skal det folkerike Moab med all si ære verta vanvørdt. Det som vert att, skal vera ynkeleg lite og kraftlaust.

»