Logo
🔍

Profeten Jesaja 17 N11NN

« Damaskus og Efraim

1. Bodskap om Damaskus. Sjå, Damaskus skal ikkje lenger vera ein by, men bli til ein ruinhaug.

2. Aroers byar blir forlatne, der skal buskap kvila, og ingen skal skremma dei.

3. Efraim skal mista si borg og Damaskus sitt kongedøme. Med resten av Aram skal det gå som med herlegdomen til israelittane, seier Herren over hærskarane.

4. Og den dagen skal Jakobs herlegdom bli mindre og den feite kroppen hans bli mager.

5. Det blir som når ein haustar korn og handa samlar kornet og skjer av aksa. Det blir som når ein sankar aks i Refa'im-dalen,

6. som når ein slår ned oliven og berre ein etterhaust blir att, to–tre oliven øvst i treet og fire–fem på greinene, seier Herren, Israels Gud.

7. Den dagen vender mennesket blikket mot sin skapar, auga ser mot Israels Heilage.

8. Dei skal ikkje venda blikket mot altara som hendene deira har laga, og ikkje sjå på det fingrane deira har skapt, Asjera-pålane og røykjelsesaltara.

9. Den dagen skal dei trygge byane deira bli så aude som dei stadene hevittane og amorittane forlét då israelittane kom. Alt skal bli til øydemark.

10. For du har gløymt Gud, din frelsar, og ikkje hugsa det trygge berget ditt. Difor kan du planta dei finaste hagar og setja framande vinranker der,

11. du kan få dei til å veksa den dagen du plantar, til å spira den morgonen du sår, men hausten sviktar den dagen sjukdom og ulækjande skade kjem.

12. Ve! Eit drønn av mange folk, eit drønn som når havet drønnar. Ein larm frå folkeslag, som larmen frå veldige vatn larmar dei,

13. folkeslaga larmar som veldige vatn. Men når han trugar dei, flyktar dei langt bort. Dei blir jaga som agner for vinden på haugane, som tistlar for stormen.

14. Om kvelden er det redsle, men før morgonen gryr, er dei borte. Slik går det dei som plyndrar oss, slikt utbytte får dei som ranar oss.

»