Logo
🔍

Profeten Jesaja 17 N78NN

« Damaskus og Efraim skal falla

1. Domsord mot Damaskus. Sjå, no er det ute ¬med Damaskus! Byen skal verta ein grushaug.

2. Byane kring Aroer ¬skal verta folketome; buskapar skal liggja ¬og kvila der, og ingen skal skræma dei.

3. Efraim skal missa si faste borg og Damaskus sitt kongedøme. Det som er att av Aram, skal ikkje ha større ære ¬enn Israel, lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud.

4. Den dagen vert det smått ¬med Jakobs herlegdom, hans gode hold tærest bort.

5. Det går som når skurdfolket samlar aksa med armen og skjer dei av; det er som når ein sankar aks nede i Refa’im-dalen.

6. Berre ein etterhaust vert att, som når ein slår ned oliven: to – tre frukter øvst i treet og fire – fem på greinene, lyder ordet frå Herren, ¬Israels Gud.

7. Den dagen skal mennesket sjå opp til sin skapar, og retta augo ¬mot Israels Heilage.

8. Dei skal ikkje venda seg ¬til dei altar som deira hender har gjort, eller sjå på det ¬deira fingrar har laga, Asjera-pålane ¬og røykjelsesaltara.

9. Den dagen skal ¬deira festningsbyar liggja så aude som dei stader hevittane og amorittane ¬drog bort ifrå då israelittane kom, og landet skal vera ¬ei øydemark.

10. For du har gløymt Gud, ¬din frelsar, berget, ditt vern, ¬har du ikkje kome i hug. Difor kan du planta ¬den finaste hage og setja framande vintre i han.

Den lagnad våre ransmenn får

11. Om du får dei til å veksa ¬den dagen du plantar, og spira den morgonen du sår, vert frukta borte ¬når sjukdomen kjem, ein skade som ikkje kan ¬lækjast.

12. Ve oss! ¬Høyr brusen av mange folk! Det brusar som havet. Høyr dønet av folkeætter! Det dyn som veldig vatn,

13. det er som duren ¬av mektige bylgjer. Men når Herren trugar dei, rømer dei langt av stad. Dei vert drivne som agner ¬for vinden på haugane, som den kvervlande tistel ¬for stormen.

14. Om kvelden er det redsle ¬som rår, men før morgonen renn, ¬er dei borte. Så går det dei som ¬plyndrar oss, slik lagnad får dei ¬som ranar oss.

»