Logo
🔍

Profeten Jesaja 18 N11NN

« Kusj

1. Ve det landet der venger svirrar, bortanfor elvane i Kusj,

2. landet som sender bodberarar over havet i sivbåtar på vatnet. Dra, de raske sendebod, til det høgvaksne og glinsande folket, eit folkeslag dei fryktar vidt ikring, eit folk i rekkje på rekkje som trampar andre ned, i eit land gjennomskore av elvar.

3. Alle de som bur i verda, de som held til på jorda, sjå opp når dei lyfter banneret på fjell, og lytt når dei blæs i horn!

4. For så seier Herren til meg: Frå min bustad vil eg sjå på og halda meg i ro lik heten som dirrar i lyset, lik tåkedis i heten om hausten.

5. For før hausten, når bløminga er slutt og blomane blir til kart, skjer han av skota med kniv, fjernar vinranker, kastar dei frå seg.

6. Alt skal overlatast til rovfugl i fjellet og villdyr på marka. Rovfugl er over dei om sommaren, alle villdyr om vinteren.

7. På den tid skal dei koma med gåver til Herren over hærskarane frå det høgvaksne og glinsande folket, eit folkeslag dei fryktar vidt ikring, eit folk i rekkje på rekkje som trampar andre ned, i eit land gjennomskore av elvar, til staden der namnet åt Herren over hærskarane bur, til Sion-fjellet.

»