Logo
🔍

Profeten Jesaja 2 N78NN

« Herrens fjell i dei siste dagar

1. Det ordet som Jesaja, son til Amos, fekk i eit syn om Juda og Jerusalem:

2. I dei siste dagar skal det henda at Herrens tempelberg skal stå grunnfest høgt over alle fjell og lyfta seg opp over haugane. Dit skal alle folkeslag strøyma.

3. Mange folk skal gå av stad ¬og seia: «Kom, lat oss fara opp ¬til Herrens fjell, til huset åt Jakobs Gud, så han kan læra oss sine vegar, og vi kan ferdast på hans ¬stigar! For frå Sion skal lovlære gå ut, og Herrens ord frå Jerusalem.»

4. Han skal døma ¬mellom folkeslaga, skifta rett for mange folk. Då skal dei smida sverda sine ¬om til plogjern og spyda sine til vingardsknivar. Folk skal ikkje meir ¬lyfta sverd mot folk og ikkje lenger læra å føra krig.

Einast Herren er høg og mektig

5. Kom, Jakobs ætt, lat oss ferdast i Herrens ljos!

6. Du har støytt frå deg folket ditt, ¬Jakobs ætt. For dei fer med kunster ¬som folket i Austerland, driv med spådom ¬som filistarane og gjev handslag ¬til framande folk.

7. Landet deira er fullt ¬av sølv og gull, det er ingen ende ¬på skattane deira. Landet deira er fullt av hestar, det er ingen ende ¬på vognene deira.

8. Landet deira er fullt ¬av avgudar; dei bøyer seg og tilbed det dei har laga ¬med eigne hender, det dei har gjort ¬med eigne fingrar.

9. Då skal mennesket bøyast og mannen audmykjast. Tilgjev dei ikkje!

10. Fly inn i fjellet, ¬gøym deg i jorda for Herren som vekkjer redsle, og for hans stordom og velde!

11. Mannen må slå ¬sine stolte augo ned, og det hovmodige mennesket ¬vert bøygt. Einast Herren er høg den ¬dagen.

12. For Herren, Allhærs Gud, har sett ein dag til dom over alt som er stort og stolt, over alt som ris i veret – det skal siga i hop,

13. over alle sedrar på Libanon som lyfter seg høgt og byrgt, over alle eiker i Basan,

14. over alle høge fjell og alle ruvande høgder,

15. over alle høge tårn og alle festningsmurar,

16. over alle Tarsis-skip og alle fagre skuter.

17. Då vert det stolte mennesket ¬bøygt og den hovmodige mannen ¬audmykt. Einast Herren er høg ¬den dagen.

18. Og med avgudane ¬er det ute for alltid.

19. Då skal folk fly inn i hellerar og gøyma seg i jordholer for Herren som vekkjer redsle, og for hans stordom og velde, når han reiser seg ¬og skræmer jorda.

20. Den dagen skal menneska ¬kasta frå seg avgudane av sølv og gull, som dei har laga seg og tilbed, kasta dei for moldvarp ¬og flaggermus

21. og fly inn i fjellholer og gøyma seg i bergkløfter for Herren som vekkjer redsle, og for hans stordom og velde, når han reiser seg ¬og skræmer jorda.

22. Hald opp med å lita ¬på menneske som berre har ein pust i nasen! Kva er dei å rekna for?

»