Logo
🔍

Profeten Jesaja 21 N11NN

« Babel fell

1. Bodskap om ørkenen ved havet. Som stormen fer gjennom Negev, slik kjem det frå ørkenen, frå landet der redsle rår.

2. Eit hardt syn har eg fått sjå: Svikarar svik, hærmenn herjar. «Fram, du Elam! Til åtak, du Media! Kvart sukk gjer eg ende på.»

3. Difor rykkjer det i hoftene mine, rier tek meg som hos ei fødande kvinne. Eg er så forvirra at eg ikkje kan høyra, så redd at eg ikkje kan sjå.

4. Mitt hjarte går seg vill, eg skjelv av redsle. Kvelden, som var min lengt, er no min skrekk.

5. Dei dekkjer bord, dei breier ut teppe, dei et og drikk. «Opp, hovdingar, smør skjoldet!»

6. For så sa Herren til meg: «Set ut ein vaktpost! Det han ser, skal han melda!

7. Ser han eit tog med hestespann, eit tog med esel, eit tog med kamelar, då skal han lytta, lytta og lytta!»

8. Og vaktmannen ropa: «Herre, dagen lang står eg på vakt, eg er på min post kvar einaste natt.

9. Sjå, der kjem eit tog av vogner med folk og hestespann.» Så tok han til ords og sa: «Fallen, fallen er Babel! Alle gudebileta i byen ligg knuste på jorda.»

Edom

10. Å, mitt folk, du som er treskt på treskjeplassen! Det eg har høyrt frå Herren, allhærs Gud, Israels Gud, det har eg kunngjort for dykk.

11. Bodskap om Duma. Nokon ropar til meg frå Se'ir: «Vektar, kor langt på natt, vektar, kor langt på natt?»

Øydemarka

12. Vektaren svarar: «Det kjem ein morgon, men òg ei natt. Vil de spørja, så spør! Kom att ein annan gong!»

13. Bodskap om øydemarka. De skal overnatta i krattet i øydemarka, karavanar frå Dedan!

14. Møt dei tørste og gjev dei vatn, de som bur i Tema! Gå med brød til flyktningane!

15. For dei har flykta for sverd, for dregne sverd og spente bogar og krigens tyngd.

16. For så har Herren sagt til meg: Om eitt år, slik leigefolk reknar året, skal det vera slutt på all herlegdomen i Kedar.

17. Det blir ikkje mange att av bogane til Kedar-heltane. For Herren, Israels Gud, har tala.

»