Logo
🔍

Profeten Jesaja 21 N78NN

« Fallen er Babylon

1. Domsord mot det aude landet ved havet. Som stormkast ¬fylgjer på stormkast i Negev, så kjem det frå øydemarka, frå landet der redsle rår.

2. Eit fælsleg syn har eg fått sjå: Ransmenn ranar, ¬og hærmenn herjar. «Rykk fram, du Elam! Gå til strid, du Media! Kvar sukk gjer eg ende på.»

3. Difor skjelv mine hofter, eg vrid meg i verk ¬som ei fødande kvinne. Eg er så rådlaus ¬at eg ikkje kan høyra, så skjelvande redd ¬at eg ikkje kan sjå.

4. Min hug er fortumla, eg skjelv av redsle. Skumringa ¬som eg stunda etter, er no min skrekk.

5. Dei dukar bord ¬og breier ut teppe, dei et og drikk. «Reis dykk, hovdingar, smør olje på skjold!»

6. For så har Herren sagt til meg: «Gå og set ut ein vaktpost! Det han ser, skal han melda!

7. Ser han eit tog ¬med vogner og hestar, eit tog av esel, ¬eit tog av kamelar, då skal han lyda etter, lyda vel etter.»

8. Og vaktmannen ropa: «Herre, dagen lang ¬står eg på vakt, eg er på min post ¬kvar einaste natt.

9. Sjå, der kjem eit tog av vogner med folk og hestespann.» Så tek han til ords og seier: «Fallen, fallen er Babylon! Alle gudebileta i byen er knuste og slengde til jorda.»

Dom over Edom og arabarane

10. Å, du mitt knuste ¬og sundtreskte folk! Det eg har høyrt frå Herren, ¬Allhærs Gud, frå Israels Gud, ¬det har eg kunngjort dykk.

11. Domsord mot Edom. Det ropar til meg frå Se’ir: «Vaktmann, kor langt på natt, kor langt på natt?»

12. Vaktmannen svarar: «Det kjem ein morgon, ¬men òg ei natt. Vil de spørja, så spør! Kom att ein annan gong!»

13. Domsord mot arabarane. Søk livd for natta ¬mellom buskane på steppa, de som kjem i karavane ¬frå Dedan.

14. Møt dei tyrste og gjev dei vatn, de som bur i Tema! Kom med brød til dei ¬som er på flukt!

15. Dei har då rømt for sverd, for dregne sverd ¬og spente bogar og frå den harde striden.

16. For så har Herren sagt til meg: Om eitt år – så som ein leigekar reknar året – skal det vera ute med all herlegdomen i Kedar.

17. Då er det ikkje mange att av bogane åt Kedar-kjempene. For Herren, Israels Gud, har tala.

»