Logo
🔍

Profeten Jesaja 24 N11NN

« Det store omskiftet

1. Sjå, Herren herjar jorda og legg henne aud, vrid andletet hennar og spreier dei som bur der.

2. Då går det folk som prest, slave som herre, slavekvinne som husfrue, kjøpar som seljar, långjevar som låntakar, innkrevjar som skuldnar.

3. Herjast, herjast skal jorda og plyndrast, plyndrast, for dette ordet har Herren tala.

4. Jorda sørgjer og visnar, verda tørkar bort og visnar, både jorda og det høge tørkar bort.

5. Jorda er vanhelga av dei som bur der. For dei har sett seg ut over lover, forandra forskrifter, brote den evige pakta.

6. Difor blir jorda fortært av forbanning. Dei som bur der, må bøta for si skuld. Difor brenn dei som bur på jorda, berre ein liten rest blir att.

7. Den nye vinen sørgjer, vinstokken tørkar bort, alle som gledde seg i hjarta, dei sukkar.

8. Dei glade trommene teier, lyden av jubel stilnar, den glade lyra teier.

9. Folk drikk ikkje vin til song, det sterke smakar bittert for den som drikk.

10. Knust er den aude byen, stengt er kvart hus, ingen slepp inn.

11. I gatene er det klagerop, dei har ikkje vin, all glede har mørkna, fryd er vist bort frå landet.

12. Byen er øydelagd, porten er knust.

13. For blant folka på jord skal det bli som når ein slår ned oliven, som når dei siste druene blir plukka.

14. Dei ropar høgt og jublar over Herrens velde. Dei ropar av glede i vest.

15. «Så gjev ære til Herren i aust, til namnet åt Herren, Israels Gud, ved kystane i vest!»

Den siste trengsla

16. Frå enden av jorda høyrer vi songar som prisar Den rettferdige. Men eg må seia: Det er ute med meg, ute med meg, ve meg! Svikarar svik! Svik! Svikarar svik!

17. Det blir gru og grav og garn for deg som bur på jorda!

18. Den som flyktar frå gru, skal falla i grav, kjem han seg opp or grava, skal han bli fanga i garnet. For slusene i det høge er opna, grunnvollane under jorda skjelv.

19. Jorda rivnar og rister, jorda vaklar og vinglar, jorda skjelv og skakar,

20. jorda sjanglar som ein drukken og svaiar som eit skur. Synda ligg tungt på henne, ho fell og reiser seg ikkje meir.

21. Den dagen skal Herren straffa den høge hæren i det høge og kongane på jorda.

22. Dei skal samlast som fangar i eit hol, stengjast inne i eit fengsel og langt om lenge få si straff.

23. Då skal månen bli til spott og sola til skamme. For Herren over hærskarane er konge på Sion-fjellet og i Jerusalem. Hans eldste skal sjå hans herlegdom.

»