Logo
🔍

Profeten Jesaja 25 N11NN

« Valdsmenns velde er forbi

1. Herre, du er min Gud. Eg lovsyng deg og prisar ditt namn. Du har gjort under slik du planla i gammal tid, i truskap og sanning.

2. Byen gjorde du til ei steinrøys, festningsbyen til ein ruin. Borga til dei framande er ingen by meir. Aldri skal ho byggjast opp att.

3. Difor skal eit mektig folk gje deg ære, folkeslag i valdsmenns by skal frykta deg.

4. Du vart eit vern for dei veike, eit vern for dei fattige i deira naud, ei livd mot styrtregn, ein skugge mot heten. For pusten frå valdsmenn er som styrtregn mot muren,

Herrens festmåltid

5. som hete i eit uttørka land. Du får larmen frå dei framande til å stilna. Som ei sky gjev skugge mot heten, vart songen til valdsmenn dempa.

6. På dette fjellet skal Herren over hærskarane gjera i stand for alle folk eit festmåltid med feite retter, eit festmåltid med gammal vin, med feite, mergfulle retter og gammal, klåra vin.

7. På dette fjellet skal han sluka sløret som slører til alle folk, dekket som dekkjer til alle folkeslag.

8. Han skal sluka døden for evig. Herren Gud skal tørka tårene frå kvart andlet. Frå heile jorda skal han ta bort vanæra til folket sitt. For Herren har tala.

Moab går under

9. Den dagen skal dei seia: «Sjå, dette er vår Gud! Vi vona på han, og han frelste oss. Dette er Herren, vi vona på han. Lat oss jubla og gleda oss over hans frelse!»

10. For Herrens hand skal kvila over dette fjellet. Men Moab skal han trakka ned slik halm blir trakka ned i gjødselvatn.

11. Der strekkjer han ut hendene lik ein symjar som legg på sum. Men Gud slår hans hovmod ned sjølv om han kavar med hendene.

12. Dine høge festningsmurar bryt han ned, riv dei ned til dei ligg på jorda, i støvet.

»