Logo
🔍

Profeten Jesaja 26 N11NN

« Takkesong

1. Den dagen skal denne songen syngjast i Juda-landet: Byen er vår styrke. Til frelse reiser han vollar og vern.

2. Lat portane opp så det rettferdige folket kan dra inn, dei som held fast ved sin truskap.

3. Du gjev varig fred til dei som har eit stødig sinn, for dei stolar på deg.

4. Stol på Herren til alle tider, for han, Herren, er eit evig berg.

5. Han har bøygd dei som bur i det høge, den opphøgde byen riv han ned, riv ned til grunnen og legg han i støvet.

Lengt og tillit i nauda

6. Fattige føter og svake steg skal trakka han under fot.

7. For den rettferdige er vegen jamn. Jamn er stigen du bryt for den rettferdige,

8. den vegen lovene dine viser. Herre, vi har sett vår von til deg, sjela lengtar etter ditt namn og ditt minne.

9. Mi sjel lengtar etter deg om natta, ja, ånda i meg leitar etter deg. For når dine lover gjeld på jorda, lærer dei rettferd, dei som bur i verda.

10. Om den urettferdige får nåde, lærer han ikkje rettferd. Han gjer urett i rettens land og ser ikkje Herrens velde.

11. Herre, di hand er lyft, men ingen ser det. Dei skal sjå din lidenskap for folket og skjemmast. Eld skal fortæra motstandarane dine!

12. Herre, du gjev oss fred, for alt vi har gjort, har du gjort for oss.

13. Herre, vår Gud! Andre herrar enn du har herska over oss, berre deg og ditt namn vil vi prisa.

14. Døde blir ikkje levande, daudingar står ikkje opp. For du har kravd dei til rekneskap og gjort ende på dei, utsletta kvart minne om dei.

15. Du har gjort folket større, Herre, gjort folket større og vist din herlegdom, du har utvida alle grensene i landet.

16. Herre, dei søkte deg i nauda og kviskra fram bøner då du straffa dei.

17. Slik ei kvinne vrid seg og skrik når riene kjem og ho skal føda, slik er vi for ditt andlet, Herre.

18. Vi var med barn, vi fekk rier, men vi fødde vind. Vi har ikkje skaffa landet frelse, ingen blir fødd til å bu på jorda.

19. Dine døde skal bli levande, mine lik skal stå opp. Vakna og rop av fryd, de som ligg i støvet! For di dogg er ei dogg av lys, og jorda gjer daudingar levande.

20. Gå, mitt folk! Gå inn i dine rom og lat att dørene etter deg! Løyn deg ei lita stund til harmen er gått over!

21. Og sjå, Herren går ut frå sin stad for å la dei som bur på jorda, stå til rekneskap for si synd. Jorda skal visa fram sitt blod og ikkje lenger løyna dei drepne.

»