Logo
🔍

Profeten Jesaja 26 N78NN

« Takkesong

1. Den dagen skal dei syngja denne songen i Juda: Vi har ein sterk by. Murar og festningsvollar er reiste til vern for oss.

2. Lat opp portane, så det kan dra inn, det rettferdige folket som held fast på sin truskap.

3. Den som er fast i hugen, han lèt du alltid ha fred, for han set si lit til deg.

4. Så lit då alltid på Herren, for Herren er eit evig fjell!

5. Han støyter ned dei ¬som bur i det høge, i ein utilgjengeleg by. Han jamnar byen med jorda og styrtar han i støvet.

Lengsle og tillit i nauda

6. Armingar og fattigfolk skal trakka han under fot.

7. Jamn er stigen åt dei ¬rettferdige, for dei rettvise banar du veg.

8. Herre, vi ventar på deg og fylgjer den veg ¬du har fastsett. Vi lengtar og stundar etter deg og ditt namn.

9. Om natta stundar mi sjel ¬etter deg, ja, ånda i meg søkjer deg. Når dei held seg ¬til dine lover på jorda, lærer dei rettferd, ¬dei som bur i verda.

10. Får den gudlause nåde, lærer han ikkje rettferd. Han gjer urett i landet der rett skulle rå, og ser ikkje Herrens velde.

11. Herre, di hand er lyft, men det ser ingen. Lat dei skjemmast ¬når dei får sjå din brennhug for folket. Lat eld øyda dine ¬motstandarar!

12. Herre, du hjelper oss til fred. For alt det vi har gjort, det òg har du gjort for oss.

13. Herre, vår Gud! Andre enn du har hatt herredøme over oss. Men berre deg ¬og ditt namn prisar vi.

14. Døde livnar ikkje, daudingar står ikkje opp. For du har kravt dei ¬til rekneskap, gjort ende på dei og rudt ut kvart minne om dei.

15. Du har gjort folket stort, Herre, gjort det stort og vunne ære, du gjorde alle ¬landsens grenser vide.

16. Herre, dei søkte deg i nauda, og kviskra fram bøner då du tukta dei.

17. Liksom ei kvinne vrid seg ¬og skrik når riene kjem og ho skal føda, så har du laga det for oss, ¬Herre.

18. Vi er som svangre ¬og vrid oss i verk, men det er som føder vi vind. Vi har ikkje gjeve landet frelse, ingen vert fødd til å bu ¬på jorda.

19. Dine døde skal verta levande, mine lik skal stå opp. Vakna og rop av fryd, de som bur i molda! For di dogg er ei lysande dogg, og jorda gjev døde ¬attende til livet.

20. Gå inn i kovane dine, mitt folk, og lat att dørene etter deg! Gøym deg ei lita stund, til vreiden går over!

21. For sjå, Herren går ut ¬frå sin bustad; han vil straffa dei ¬som bur på jorda, for deira synd og skuld. Då skal jorda la koma for dagen det blod som er utrent der, og ikkje lenger løyna ¬dei drepne.

»