Logo
🔍

Profeten Jesaja 27 N11NN

« Herren vaktar vingarden sin

1. Den dagen skal Herren straffa med sitt harde og store og sterke sverd den flyktande slangen Leviatan, den buktande slangen Leviatan. Han skal drepa uhyret i havet.

2. Den dagen skal dei seia: Syng om den herlege vingarden!

3. Eg, Herren, vaktar han og vatnar han til alle tider. Eg vaktar han dag og natt så ingen skal skada han.

4. Harm er eg ikkje, men om han gjev meg torn og tistel, vil eg gå til strid og brenna opp alt saman,

Herren skal samla folket sitt

5. om han ikkje søkjer vern hos meg og sluttar fred, ja, sluttar fred med meg.

6. I dagar som kjem, skal Jakob slå rot, Israel skal veksa og bløma og fylla jorda med grøde.

7. Har han slege dei slik han slo han som slo dei? Eller vart dei drepne slik dei som drap dei, vart drepne?

8. Ved å skremma dei opp og jaga dei bort gjekk du i rette med dei. Han dreiv dei bort med sin sterke storm på austavindsdagen.

9. Slik skal Jakobs skuld sonast, dette er fruktene av at synda hans blir teken bort: Kvar altarstein skal bli knust som kalkstein. Asjera-pålane og røykjelsesaltara skal ikkje bli ståande.

10. Einsam er festningsbyen, ein folketom buplass, forlaten som ein ørken. Der beiter kalven, han legg seg og et opp kvar kvist.

11. Når greinene tørkar, blir dei knekte. Kvinner kjem og tenner opp med dei. Dette er ikkje eit folk med forstand. Han som laga det, vil ikkje ha medkjensle, han som forma det, vil ikkje vera nådig.

12. På den dagen skal Herren slå korn ut av aksa frå Storelva til Egyptarbekken, og de israelittar skal samlast inn ein og ein.

13. Den dagen skal dei blåsa i eit stort horn. Og dei bortkomne i Assur og dei som er spreidde omkring i Egypt, skal koma og tilbe Herren på det heilage fjellet i Jerusalem.

»