Logo
🔍

Profeten Jesaja 27 N78NN

« Herren vaktar vingarden sin

1. Den dagen skal Herren ¬med sitt sverd, det harde og store og sterke, straffa Leviatan, ormen som rømer så raskt, Leviatan, ¬ormen som buktar seg fram. Han skal drepa draken ¬som er i havet.

2. Den dagen skal dei seia: Syng om den herlege ¬vingarden!

3. Det er eg, Herren, ¬som vaktar han og vatnar han til kvar tid. Eg vaktar han dag og natt, så ingen skal skada han.

4. Eg er ikkje lenger harm. Men finn eg torn og tistel, då går eg til strid imot dei og brenner opp alt i hop,

Israels frelse og fiendens straff

5. – om dei då ikkje ¬søkjer vern hjå meg, og gjer fred, ja, gjer fred med meg.

6. I dagar som kjem ¬skal Jakob røta seg, Israel skal veksa og bløma og fylla heile verda med frukt.

7. Har vel Herren slege Israel som han slo dei ¬som slo hans folk? Eller har Israel vorte drepe som drapsmennene åt folket ¬vart drepne?

8. Du tukta folket då du skræmde det opp ¬og jaga det bort. Herren støytte det frå seg med sin sterke pust den dagen det storma frå aust.

9. Men såleis ¬skal Jakobs skuld sonast, og dette er frukta når hans synd vert bortteken: Alle altarsteinane ¬skal han knusa, som når kalkstein vert knust. Asjera-pålane ¬og røykjelsesaltara skal ikkje verta ståande.

10. Einsam ligg festningsbyen, ein folketom bustad, ¬aud som øydemarka. Der går kalvar og beiter, dei roar seg der og et ¬kvar kvist.

Israels samling

11. Når greinene turkar, ¬bryt ein dei av, kvinner kjem ¬og nører opp eld med dei. For dette er eit uvitug folk. Difor syner skaparen ¬dei inga medkjensle, han som laga dei, ¬er dei ikkje nådig.

12. Den dagen skal Herren ¬slå fruktene ned frå den strøymande Storelv ¬til Egyptarbekken, og de, Israels søner, skal samlast inn, ein for ein.

13. Den dagen skal dei blåsa ¬i eit stort horn. Då kjem dei bortkomne ¬i Assyria heim att og dei som er spreidde i Egypt. Og dei skal tilbe Herren på det heilage fjellet ¬i Jerusalem.

»