Logo
🔍

Profeten Jesaja 29 N11NN

« Trengsle for Jerusalem

1. Ve Ariel, Ariel, byen som David kringsette! Legg år til år, lat høgtider koma og gå!

2. Eg gjer det trongt for Ariel, det skal bli sorg og sut, då skal byen bli eit Ariel for meg.

3. Eg skal kringsetja deg som David, omringa deg med vollar og reisa skansar imot deg.

4. Då blir du bøygd og må tala frå jorda, nede frå støvet kjem ditt ord, som gjenferd frå jorda er di røyst, og frå støvet kviskrar du ditt ord.

5. Dei mange frekke skal bli som fint støv, dei mange valdsmenn som fykande agner. Brått, på ein augneblink,

6. kjem straffa frå Herren over hærskarane, med tore og jordskjelv og tunge drønn, med vindkast og storm og fortærande logar av eld.

7. Som ein draum, eit syn om natta, skal dei mange folkeslaga vera som kjempar mot Ariel, alle som kjempar mot byen og borga og gjer det trongt for han.

Eit synkvervt folk

8. Det blir som når den svoltne drøymer, og sjå, der er mat! og han vaknar og er like svolten, som når den tørste drøymer, og sjå, der er drikke! og han vaknar, utsliten og tørst. Slik skal det gå med dei mange folkeslaga som kjempar mot Sion-fjellet.

9. Forvirr dykk sjølve og ver forvirra, klin auga att og ver blinde! Ver fulle, men ikkje av vin, sjangla, men ikkje av sterk drikk!

10. For Herren har aust over dykk ei ånd som gjev djup søvn. Han har late att auga dykkar – profetane, og dekt til hovuda dykkar – sjåarane.

11. For dykk har kvart syn vorte som orda i ei forsegla bok. Gjev dei henne til ein som skjønar skrift, og seier «les dette!» så svarar han: «Eg kan ikkje, ho er forsegla.»

12. Og gjev dei boka til ein som ikkje skjønar skrift, og seier «les dette!» så svarar han: «Eg skjønar ikkje skrift.»

13. Herren sa: Dette folket kjem nær meg med munnen og ærar meg med leppene, men hjartet er langt borte frå meg, og den frykt dei har for meg, er eit tillært menneskebod.

Pottemakaren og leira

14. Difor vil eg framleis forundra dette folket på underleg og underfullt vis. Då skal visdomen til deira vise forgå, og klokskapen til deira kloke skal løyna seg.

15. Ve dei som søkjer ned i djupet, bort frå Herren, for å løyna sin plan! I mørkret skjer gjerningane deira. Dei seier: «Kven ser oss? Kven veit om oss?»

Guds namn skal helgast

16. De snur det opp ned! Skal ikkje pottemakaren setjast høgare enn leira? Kan verket seia om handverkaren: «Han har ikkje laga meg», og karet om pottemakaren: «Han skjønar ingenting»?

17. Om berre ei lita stund skal Libanon bli ein frukthage, og ein frukthage skal reknast som skog.

18. Den dagen skal dei døve høyra skrivne ord, og sjølv i skumring og mørker skal blinde auge sjå.

19. Igjen skal dei hjelpelause gleda seg i Herren, dei fattigaste blant menneska skal jubla over Israels Heilage.

20. For det er ute med valdsmannen, borte er spottaren, utrydda er alle vondskapens vaktarar,

21. dei som med sitt ord dømde folk skuldige, la snarer for den som hevda retten i byporten, og med tomme ord dreiv rettferdige bort.

22. Difor, så seier Herren til Jakobs hus, han som fria ut Abraham: No skal ikkje Jakob bli til skamme, no skal ikkje andletet hans bleikna meir.

23. For når han og borna hans ser det mine hender har gjort iblant dei, då skal dei helga mitt namn, dei skal helga han som er Jakobs Heilage, og skjelva for Israels Gud.

24. Dei som går seg vill i ånda, skal få innsikt, og dei som murrar, skal få lærdom.

»