Logo
🔍

Profeten Jesaja 29 N78NN

« Jerusalems trengsle og utfriing

1. Usæl Ariel, Ariel, byen der David slo leir! Legg berre år til år, lat høgtider koma og gå!

2. Eg vil føra trengsle over Ariel – då vert det sorg og sut, og gjera deg ¬til eit verkeleg Ariel.

3. Eg lèt hæren min ¬kringsetja deg, kasta opp vollar ikring deg og reisa skansar mot deg.

4. Då skal du bøyast ¬og tala frå jorda, mulla fram dine ord frå støvet. Di røyst skal stiga ¬som daudingmål, dine ord skal koma ¬som kviskring frå molda.

5. Men så vert flokken ¬av dine fiendar som fint støv og hopen av valdsmenn ¬som fykande agner. Brått, i ein augneblink,

6. kjem straffa frå Herren, ¬Allhærs Gud, med bulder og brak ¬og veldig døn, med vindkast, ¬storm og øydande eld.

7. Som ein draum, ¬som eit syn om natta, vert dei borte, ¬dei mange folkeslag som strider mot Ariel, som går til åtak ¬på byen og borga og fører trengsle over han.

Eit synkvervt folk

8. Då går det ¬som når den svoltne ¬drøymer og tykkjer at han får mat: Når han vaknar, ¬er han like svolten. Det går som når ¬den tyrste drøymer og tykkjer at han drikk; han vaknar maktlaus og tyrst. Så går det ¬med dei mange folkeslag som strider mot Sion-fjellet.

9. Stir på kvarandre, ¬fulle av undring, lat augo klinast att, ¬og ver blinde! Drikk dykk drukne, ¬men ikkje av vin, og rag ikring, ¬men ikkje av rusdrikk!

10. For Herren har rent ut ¬over dykk ei ånd som valdar tung svevn. Han har late att augo dykkar ¬– profetane, og sveipt hovuda dykkar ¬– sjåarane.

11. Såleis har alle syner vorte dykk som orda i ei forsegla bok. Gjev dei henne til ein som skjønar skrift, og seier: «Les dette!» så svarar han: «Eg kan ikkje, ho er forsegla.»

Menneskebod og Herrens visdom

12. Og gjev dei boka til ein som ikkje kan lesa, og seier: «Les dette!» så svarar han: «Eg skjønar ikkje skrift.»

13. Herren sa: Fordi dette folket held seg nær til meg ¬med munnen og ærar meg med lippene, medan hjarta er langt borte ¬frå meg, og fordi deira age for meg er menneskebod ¬som dei har lært seg,

Krusmakaren og leira

14. difor vil eg framleis ¬fara underleg fram, underleg og underfullt ¬mot dette folket. Då skal visdomen ¬åt deira vismenn forgå og klokskapen ¬åt dei kloke kverva.

15. Ve dei som nede i det djupe løyner for Herren ¬det dei har føre! Dei gjer sine gjerningar ¬i mørkret og seier: «Kven ser oss, ¬kven veit om oss?»

Den store snunaden

16. Kor bakvendt de tenkjer! Skal ikkje krusmakaren aktast høgare enn leira? Kan verket seia ¬om handverkaren: «Han har ikkje laga meg,» og kjeraldet om krusmakaren: «Han skjønar seg ikkje ¬på slikt»?

17. No er det berre ei lita stund, så skal Libanon ¬verta ein frukthage, og det som no er frukthage, skal reknast for skog.

18. Den dagen skal dei døve høyra ord som står skrivne i bok, og ut or mørker og dimme skal blinde augo sjå.

19. Dei hjelpelause skal atter gleda seg i Herren, og dei fattige skal jubla over Israels Heilage.

20. For borte er valdsmannen, ute er det med spottaren, og utrudde er alle ¬som tenkte på vondskap,

21. dei som med sitt ord ¬fekk folk dømde skuldige, la snarer for den ¬som hevda retten på tinget, og dreiv skuldfrie bort ¬med tomt snakk.

22. Difor, så seier Herren, han som er Gud for Jakobs ætt, han som fria ut Abraham: No skal ikkje Jakob ¬verta til skammar, hans andlet skal ikkje ¬bleikna meir.

23. For når han ¬og borna hans får sjå det mine hender ¬har gjort imellom dei, då skal dei ¬halda namnet mitt heilagt, dei skal helga Jakobs Heilage og ottast Israels Gud.

24. Dei som fer vilt i sine tankar, skal læra skjøn, og dei som murrar, skal få visdom.

»