Logo
🔍

Profeten Jesaja 30 N78NN

« Ve dei som søkjer vern i Egypt!

1. Ve dei trassige sønene! lyder ordet frå Herren. Dei set i verk planar ¬som ikkje er frå meg, og gjer samband ¬utan min Ande. Såleis legg dei synd til synd.

2. Dei fer av stad til Egypt og har ikkje rådspurt meg. Dei vil søkja vern hjå farao og finna livd ¬i skuggen av Egypt.

3. Men det vern de søkjer ¬hjå farao, skal verta til skam for dykk, og den livd de finn ¬i skuggen av Egypt, skal verta til vanære.

4. For om Israels hovdingar ¬kjem til Soan, og deira sendemenn ¬når fram til Hanes,

5. så vert dei alle til skammar ved eit folk ¬som ikkje gagnar dei, som korkje er til hjelp ¬eller nytte, men berre til skam og vanære.

6. Domsord om dyra i Negev. Gjennom eit land ¬med naud og trengsle, der løver og løvinner ¬har sin heim, der hoggorm og flygande ¬ormar held til, fører dei sin rikdom ¬på eselrygg, sine skattar på kamelpuklar til eit gagnlaust folk.

7. Den hjelp egyptarane gjev, er ingenting verd. Difor kallar eg landet: «Rahab som held seg i ro».

Vanvørdnad for Guds ord fører til fall

8. Gå no inn og rita dette på ei tavle for dei! Skriv det opp i ei bok, så det i komande dagar kan vera eit evig vitnemål.

9. Ja, dette er eit trassig folk, søner som fer med lygn, born som ikkje vil lyda ¬Herrens lov.

10. Dei seier til sjåarane: «De skal ikkje sjå!» og til profetane: «Kom ikkje til oss med syner om det som er rett! Sei oss slikt ¬som vi gjerne vil høyra, lat oss få hildrande syner!

11. Vik av frå vegen, ¬bøy av frå stigen, lat oss vera i fred ¬for Israels Heilage!»

12. Difor seier Israels Heilage: Fordi de vanvørder dette ordet, set lit til vald og svik og stør dykk til slikt,

13. difor skal denne uretten ¬verta dykk som rivna i ein høg mur: Ho vert større og større, til muren ramlar ned, brått, i ein augneblink.

I stilla og tillit

14. Han går i knas som eit leirkar, som ein slår sund utan skånsel. Mellom stykka ¬finst det ikkje eit krusbrot som kan brukast ¬til å henta eld frå åren eller til å ausa vatn or brunnen.

15. Så sa Herren Gud, Israels Heilage: «Vender de om ¬og held dykk i ro, skal de verta frelste. I stilla og tillit skal dykkar styrke vera.» Men de ville ikkje.

16. De sa: ¬«Nei, med hestar vil vi fara,» – ja, de skal så visst få fara! «og med snøgge vogner ¬vil vi køyra.» Ja, snøgge er dei ¬som forfylgjer dykk!

17. Tusen skal fly ¬når ein einaste trugar, for trugsmål frå fem ¬skal de røma, til berre ein leivning er att, som eit samlingsmerke ¬på ein fjelltopp, som ei merkestong på ¬ein haug.

Gud skal leia og velsigna folket sitt

18. Men Herren stundar etter ¬å vera dykk nådig; difor reiser han seg ¬og vil visa dykk miskunn. For Herren er rettens Gud. Sæle er alle som ventar på han!

19. Ja, du folk som bur på Sion, i Jerusalem, du skal ikkje gråta meir! Herren vil vera nådig mot deg når du ropar til han. Så snart han høyrer det, svarar han deg.

20. Han vil nok gje dykk trengsle, med lite brød og vatn. Men vegvisarane dine skal ikkje lenger halda seg løynde. Augo dine skal få sjå dei som syner deg veg,

21. og når de vik av til høgre eller venstre, skal øyro dine høyra det ordet bak deg: «Dette er vegen, gå på den!»

22. Då skal du halda dei for ureine, dei sølvkledde gudebileta dine og dei gullkledde støypebileta dine. Du skal slengja dei bort som skitne filler. «Ut med dykk!» skal du seia.

23. Då skal Herren gje regn til kornet du sår i åkeren, og brød av grøda som jorda ber, og det skal ha både saft og kraft. Den dagen skal feet ditt beita på vide marker.

24. Oksane og esla som arbeider på åkeren, får eta salta blandingsfôr som vert kasta fram med skuffel og greip.

25. På alle høge fjell og alle store haugar skal det vera rennande bekker, på den store drapsdagen, når tårna fell.

Assurs fall

26. Månen skal lysa som sola, og solljoset skal verta sju gonger så sterkt – som ljoset for sju dagar, når Herren lækjer den skaden folket hans har fått, og fetlar det djupe såret deira.

27. Sjå, langt bortanfrå ¬kjem Herren med brennande vreide, ¬i alt sitt velde. Hans lipper dirrar av harme, hans tunge er ¬som øydande eld.

28. Hans pust ¬er lik ei fløymande elv som når heilt opp til halsen. Han legg eit tyningsåk ¬på folkeslaga, eit villføringsbeisel ¬i munnen på folka.

29. Då skal de syngja som den natt ¬då høgtida vert innvigd, de skal jubla av glede som når de går med fløytespel til Israels Berg på Herrens fjell.

30. Si mektige røyst ¬lèt Herren ljoma og syner korleis ¬hans arm slår ned med brennande vreide ¬og øydande eld, med storm og styrtregn ¬og kraftig hagl.

31. Ja, Assur skal skjelva av redsle når Herrens røyst lyder, når han slår med staven.

32. Kvar gong Herren ¬gjev han eit slag med sin tuktande stokk, skjer det til trommelåt ¬og lyreklang. I striden svingar han sin arm og kjempar imot han.

33. Ein eldstad er alt laga til, og den er tiltenkt kongen. Bålet er gjort både høgt og vidt med eld og ved i mengd. Og som ein svovelstraum set Herrens ande det i brann.

»