Logo
🔍

Profeten Jesaja 31 N11NN

« Guds makt og menneskemakt

1. Ve dei som dreg ned til Egypt etter hjelp! Dei støttar seg til hestar, dei stolar på vogner fordi dei er mange, og på ryttarar fordi dei er talrike. Men dei vender seg ikkje til Israels Heilage, dei søkjer ikkje Herren.

2. Men han òg er vis. Han lèt ulukka koma, sine ord tek han ikkje attende. Han reiser seg mot huset til dei vonde og mot ugjerningsmenn som kjem til hjelp.

3. Egyptarane er menneske, ikkje gudar, hestane er kjøt, ikkje ånd. Herren strekkjer ut handa. Då snublar den som hjelper, då fell den hjelpte, dei skal gå til grunne alle saman.

4. For så har Herren sagt til meg: Slik løva og ungløva knurrar over sitt bytte og ikkje blir skremde av rop eller dukkar seg for ståk når ein stor flokk gjetarar samlar seg mot dei, slik skal Herren over hærskarane stiga ned og strida mot Sions fjell og høgd.

5. Lik flygande fuglar skal Herren over hærskarane forsvara Jerusalem, forsvara og berga, gå forbi og fria ut.

6. Vend om til han som israelittane har falle frå så djupt!

7. Den dagen skal alle forkasta avgudane i sølv og avgudane i gull som hendene dykkar har laga til synd.

8. Assur skal falla, men ikkje for sverdet til ein mann, han skal fellast, men ikkje av menneskesverd. Han skal flykta for sverdet, hans unge menn må gjera tvangsarbeid.

9. Hans berg skal dra bort i redsle, hans fyrstar skremmast bort frå banneret, seier Herren, han som har ein eld i Sion og ein omn i Jerusalem.

»