Logo
🔍

Profeten Jesaja 31 N78NN

« Guds makt og menneskemakt

1. Ve dei som fer ned ¬til Egypt etter hjelp og set si lit til hestar, som stolar på vogner ¬fordi dei er mange, og på hestfolk ¬fordi dei er sterke, men ikkje vender seg ¬til Israels Heilage og ikkje søkjer råd hjå Herren.

2. Men han òg er vis ¬og lèt ulukka koma, sine ord tek han ikkje att. Han reiser seg mot flokken ¬av dei som gjer vondt, mot ugjerningsmenn ¬som kjem med hjelp.

3. Egyptarane er menneske ¬og ikkje Gud, deira hestar er kjøt og ¬ikkje ånd. Når Herren retter ut si hand, skal hjelparen snåva, og den som har fått hjelp, falla; og alle skal dei gå til grunne.

4. For så har Herren sagt til meg: Liksom løva, den unge løva, knurrar over sitt rov og ikkje vert skræmd ¬av gjætarars rop eller dukkar seg ned ¬når dei bråkar, om heile flokken samlar seg ¬mot henne, såleis skal Herren, ¬Allhærs Gud, stiga ned og strida på Sions fjell og haug.

5. Liksom fuglane ¬breier ut sine venger, skal Herren, Allhærs Gud, verna om Jerusalem. Han skal verna og berga, skåna og fria ut.

6. Vend om, de Israels søner, til han de fall så djupt ifrå!

7. Den dagen skal de alle ¬kasta frå dykk avgudane av sølv og gull, som de sjølve har laga ¬– til synd.

8. Assur skal falla for eit sverd som ikkje vert svinga ¬av menneske; det sverdet ¬som gjer ende på han, er det ikkje ein mann ¬som lyfter. Han skal røma for sverdet, og hans unge stridsmenn skal setjast til tvangsarbeid.

9. Hans berg skal dra bort ¬i redsle, hans hovdingar røma frå fana. Så lyder ordet frå Herren, som har ein eld i Sion, ein omn i Jerusalem.

»