Logo
🔍

Profeten Jesaja 32 N11NN

« Når kongen rår med rettferd

1. Sjå, med rettferd skal kongen råda og stormenn styra med rett.

2. Dei skal vera som ei livd mot vinden og eit skjul mot styrtregn, som rennande bekker i tørt land, som skuggen av eit mektig berg på utpint jord.

3. Sjåande auge blir ikkje blinde, høyrande øyre skal lytta.

4. Tankelause hjarte skal læra å skjøna, stammande tunger skal tala lett og klårt.

5. Dåren skal ikkje lenger kallast stormann og kjeltringen ikkje kallast fornem.

6. For dåren talar dårskap, hjartet hans valdar vondt: Han gjer gudlaus gjerning, talar gale om Herren, lèt den svoltne sakna mat og den tørste mangla drikke.

7. Våpna til kjeltringen er vonde. Han legg skamlause planar, vil skada dei hjelpelause med løgn når den fattige talar si sak.

Før frelsetida kjem

8. Men stormannen legg store planar. Han står fast på det som er stort.

9. Sorglause kvinner, stå opp, høyr mi røyst! Trygge døtrer, lytt til mitt ord!

10. I dagar og år skal de skjelva, de trygge. For vinhausten slår feil, frukthausten kjem ikkje.

11. Skjelv, de sorglause, skjelv, de trygge! Kled dykk nakne, bind sekkestrie om hoftene!

12. Dei klagar over brysta, over dei herlege åkrane, over dei grøderike vinstokkane,

13. over jorda til folket mitt der torn og tistel skyt opp, ja, over kvart lukkeleg hus i den jublande byen.

14. For borga er oppgjeven og den larmande byen forlaten. Haug og vakttårn har for alltid vorte til gøymestader der villesel gleder seg og buskapar beiter,

15. heilt til Ande blir aust ut over oss frå det høge. Då skal ørkenen bli til ein frukthage, og ein frukthage skal reknast for skog.

16. I ørkenen skal retten slå seg ned, i frukthagen skal rettferd bu.

17. Då skal rettferds verk vera fred, rettferds gjerning tryggleik og ro til evig tid.

18. Mitt folk skal bu på ein fredeleg buplass, i trygge heimar og på sikre kvilestader.

19. Skogen skal fellast og falla, byen skal søkka i djupet.

20. Sæle er de som sår ved alle vatn, og som lèt okse og esel gå fritt omkring.

»