Logo
🔍

Profeten Jesaja 32 N78NN

« Når kongen råder med rettferd

1. Når kongen råder ¬med rettferd, og stormenn styrer med rett,

2. då vert kvar av dei ¬som ei livd mot vinden og som eit skjol mot styrtregn, som rennande bekker ¬i turt land, som skuggen av eit mektig fjell på jord som tyrstar etter vatn.

3. Dei som har augo å sjå med, skal ikkje vera blinde, og dei som har øyro ¬å høyra med, skal lyda etter.

4. Dei som ikkje tenkjer seg om, skal læra å skjøna; dei stamme skal tala ¬lett og klårt.

5. Dåren skal ikkje lenger ¬kallast gjæv og skarven ikkje ein ¬adelsmann.

6. For ein dåre talar dårskap, i sitt hjarta ¬legg han vonde planar: Han vil gjera gudlaus gjerning, tala vilt og vrangt mot Herren, la den sveltande sakna mat og den tyrstande vanta drikke.

7. Skarvens våpen er vonde, han legg skamlege planar. Han vil skada dei hjelpelause ¬med lygn, og dei fattige ¬om dei hevdar sin rett.

Sorg og klage før frelsestida kjem

8. Men gjæv mann ¬legg gjæve planar, han står fast ¬på det som er gjævt.

9. De sorglause kvinner, ¬stå opp, høyr mi røyst! De trygge døtrer, ¬vend øyra til min tale!

10. År etter år skal de skjelva, ¬de trygge; for vinhausten slår feil, og det kjem ingen frukthaust.

11. Skjelv, de sorglause kvinner, ja, skjelv av redsle, de trygge! Kled dykk nakne, bind syrgjeplagg om hoftene!

12. Slå dykk for bringa, ¬lat klagerop lyda over fagre marker ¬og gode vintre,

13. over åkrane åt folket mitt, der torn og tistel skyt opp, ja, over kvar lukkeleg heim i den jublande byen!

14. For slottet ligg tomt, og den ståkande hopen ¬er borte frå byen. Haugen og vakttårnet ¬har for alltid vorte til opne marker, der villesel gler seg og buskapar beiter.

15. Så skal det vera til ånd frå det høge ¬vert utrend over oss. Då skal øydemarka ¬verta frukthage, og frukthagen ¬skal reknast for skog.

16. Rett skal bu i øydemarka og rettferd ¬i det grøderike landet.

17. Rettferda skal koma med fred, og rettferds frukt ¬er evig ro og tryggleik.

18. Mitt folk skal bu ¬i eit fredeleg land, i trygge heimar, ¬der dei sorglaust kan kvila.

19. Skogen skal fellast og falla, byen skal siga i røys.

20. Sæle er de ¬som sår attmed alle bekker, som lèt okse og esel ¬gå fritt ikring!

»