Logo
🔍

Profeten Jesaja 34 N11NN

« Dommen over Edom

1. Kom og høyr, de folkeslag, lytt, de folk! Jorda og alt som fyller henne, skal høyra, verda og alt som spirer der!

2. For Herren er harm på alle folk, han er vreid på heile deira hær. Han har slege dei med bann og gjeve dei over til slakting.

3. Dei drepne blir slengde til sides, stank stig frå lika, og blod flyt på fjella.

4. Oppløyst blir heile himmelhæren, som ein bokrull blir himmelen rulla saman. Heile hans hær skal visna som lauvet på vinstokken visnar og frukta på fikentreet skrumpar inn.

5. For sverdet mitt har drukke seg utørst i himmelen, no fer det ned over Edom til dom over folket eg slår med bann.

6. Herren har eit sverd fullt av blod, det dryp av feitt, av blod frå lam og bukkar, av nyrefeitt frå vêrar. Det er offerslakting for Herren i Bosra, stor nedslakting i Edom.

7. Saman med dei skal villoksar falla, unge stutar og sterke oksar. Jorda skal drikka seg utørst av blod og støvet gjødslast med feitt.

8. Det er hemnens dag for Herren, året for gjengjeld i striden om Sion.

9. Elvane skal bli til bek og støvet til svovel, landet blir til brennande bek.

10. Korkje dag eller natt skal det slokna, evig skal røyken stiga. Frå slekt til slekt skal det liggja øyde, evig og aldri skal nokon kryssa det.

11. Pelikan og hegre skal eiga det, ugle og ramn skal bu i det. Målesnor og lodd skal strekkjast over det, landet skal bli audt og tomt.

12. Det finst ikkje stormenn der som kan utropa ein konge, det er ute med alle leiarar.

13. I slotta veks det tornekratt, nesler og tistlar i borgene. Landet blir buplass for sjakalar, tilhaldsstad for strutsar.

14. Hyenar og ørkendyr møtest, bukkar kallar på kvarandre. Lilit slår seg òg til ro der og finn seg ein kvilestad.

15. Små ugler byggjer reir og legg sine egg der, rugar og klekkjer dei ut i skuggen. Falkane samlast der med kvarandre.

16. Sjå etter i Herrens bok og les! Ikkje éin av desse skal mangla, ingen skal leita etter dei andre. For Herrens munn har gjeve påbodet, det er hans Ande som samlar dei,

17. og det er han som har kasta lodd for dei. Med målesnor i handa deler han landet mellom dei. Dei skal ta det i eige til evig tid og bu der frå slekt til slekt.

»