Logo
🔍

Profeten Jesaja 34 N78NN

« Domen over Edom

1. Kom hit og høyr, ¬de folkeslag, lyd etter, de folkeætter! Jorda og alt som fyller henne, ¬skal høyra, jordheimen og alt som ¬lever der.

2. For Herren er harm på alle folk, han er vreid på heile deira hær. Han har bannstøytt dei og gjeve dei til slakting.

3. Dei drepne vert slengde ¬til sides; teven stig frå lika, og blodet renn på fjella.

4. Heile himmelhæren ¬går i oppløysing, himmelen vert ihoprulla ¬som ein bokrull. Heile hans hær skal visna som lauvet på vintreet visnar, og frukta på fikentreet ¬turkar inn.

5. Når sverdet mitt har sløkt sin torste på himmelen, då fer det ned over Edom, det folk eg har bannlyst ¬og dømt.

6. Herrens sverd er fullt av blod, det er metta med feitt, med blod av lam og bukkar, med nyrefeitt av verar. For Herren held offerslakting ¬i Bosra, ei stor nedslakting i Edom.

7. Saman med folket ¬skal villoksar falla, unge stutar og sterke oksar. Landet skal drikka seg ¬utyrst av blod og jorda gjødslast med feitt.

8. For det er ein hemnardag ¬for Herren, eit attergjeldsår ¬i striden for Sion.

9. Bekkene i Edom ¬skal verta til bek og molda til svovel; ja, landet skal verta ¬til brennande bek.

10. Korkje dag eller natt ¬skal det slokna, evig skal røyken stiga frå det. Frå ætt til ætt ¬skal landet liggja audt, aldri skal nokon ¬fara igjennom det.

11. Pelikan og hegre ¬skal ta det i eige, ugle og ramn skal bu i det. Herren strekkjer mælesnor ¬og lodd ut over landet, og det vert audt og snautt.

12. Det finst ikkje stormenn der, og ingen ¬som kan ropast ut til konge; det er ute med alle hovdingar.

13. I slotta veks klunger, i borgene nesle og tistel. Landet vert ein heim ¬for sjakalar, ein tilhaldsstad for strutsar.

14. Ville hundar ¬og ørkendyr møtest, raggetroll ropar til kvarandre. Der slår Lilit seg òg til ro og finn seg ein kvilestad.

15. Der byggjer pilormen bol ¬og legg egg, han rugar og klekkjer dei ut ¬i skuggen. Der samlast gribbane ¬med kvarandre.

16. Sjå etter i Herrens bok og les! Ikkje eitt av desse dyra ¬skal vanta, ingen av dei ¬skal sakna dei andre. For påbodet kjem ¬frå Herrens munn, det er hans Ande ¬som samlar dei.

17. Sjølv har han kasta lodd ¬for dei; med mælesnor i si hand skifter han ut landet. Dei skal ta det i eige ¬for alle tider og bu der frå ætt til ætt.

»