Logo
🔍

Profeten Jesaja 4 N11NN

« Sions framtid

1. Den dagen skal sju kvinner gripa tak i same mann og seia: «Brød og klede skal vi skaffa oss sjølve, berre vi får bera ditt namn. Ta vår vanære bort!»

2. Den dagen skal Herrens spire bli til herlegdom og ære og frukta i landet til stordom og heider for dei som slapp unna i Israel.

3. Resten som er på Sion, og som er att i Jerusalem, skal kallast heilag, kvar og ein i Jerusalem som er oppskriven til livet.

4. Herren skal vaska skiten av Sions døtrer og skylja bort alt blodet frå Jerusalem med Anden som dømmer, med Anden som reinsar.

5. Så skal Herren skapa ei røyksky om dagen og røyk og lys frå ein flammande eld om natta over heile Sion-fjellet og over møtestadene der. For over all herlegdom skal det vera eit vern,

6. ei lauvhytte som skyggjer for heten om dagen og gjev livd og skjul mot uvêr og regn.

»