Logo
🔍

Profeten Jesaja 40 N11NN

« Gledebod til Jerusalem

1. Trøyst, trøyst mitt folk, seier dykkar Gud.

2. Tal til Jerusalems hjarte og rop til henne at hennar strid er fullført, at hennar skuld er betalt, at ho har fått dobbelt av Herrens hand for alle sine synder.

3. Ei røyst ropar: Rydd Herrens veg i ørkenen, jamn ut i øydemarka ein veg for vår Gud!

4. Kvar dal skal hevast, kvart fjell og kvar haug skal senkast. Bakkete land skal bli til slette og kollane til flat mark.

5. Herrens herlegdom skal openberra seg, alle menneske skal saman sjå det. For Herrens munn har tala.

6. Ei røyst seier: «Rop ut!» Eg seier: «Kva skal eg ropa?» «Alle menneske er gras, all deira truskap er som blomen på marka.

7. Graset tørkar bort, blomen visnar når Herrens ande blæs på han. Sanneleg, folket er gras.

8. Graset tørkar bort, blomen visnar, men ordet frå vår Gud står evig fast.»

9. Gå opp på eit høgt fjell, du Sions gledebod! Lyft di røyst med kraft, Jerusalems gledebod! Lyft di røyst, ver ikkje redd! Sei til byane i Juda: «Sjå, dykkar Gud!»

10. Sjå, Herren Gud kjem med styrke, han herskar med sin arm. Sjå, løna hans er med han, dei han vann, er framfor han.

Ingen er som Gud

11. Han gjeter flokken sin som ein gjetar. Han samlar lamma med armen, lyfter dei opp i fanget, leier søyene.

12. Kven kan måla opp vatnet i si hole hand, måla himmelen med utspente fingrar? Kven kan samla støvet på jorda i eit mål, vega fjella med vekt og haugane på vektskåler?

13. Kven kan måla Herrens ande og gjera sitt råd kjent for han?

14. Kven har han samrådd seg med som kunne gje han forstand, læra han rettens veg, læra han kunnskap og visa veg til innsikt?

15. Sjå, folkeslaga er som ein drope i eit spann, som eit støvkorn på vektskåla blir dei rekna. Sjå, fjerne kystar veg han som støv.

16. Sjølv Libanon har ikkje ved nok og ikkje dyr nok til brennoffer.

17. Alle folkeslag er ingenting for han, som eit tomt ingenting reknar han dei.

18. Kven vil de likna Gud med, kva kan de setja opp som liknar på han?

19. Eit gudebilete? Ein handverkar støyper det, ein gullsmed kler det med gull og smir sølvkjeder til det.

20. Eit vigsla morbærtre blir valt ut, eit tre som ikkje morknar. Ein dyktig handverkar blir leita opp, for det skal reisast eit gudebilete som ikkje vaklar.

21. Veit de ikkje? Høyrer de ikkje? Er det ikkje fortalt dykk frå opphavs tid? Har de ikkje skjøna det frå jorda vart grunnlagd?

22. Han tronar over jordkrinsen, og dei som bur der, er som grashopper. Han breier himmelen ut som eit slør og spenner han ut som eit telt til å bu i.

23. Han lèt fyrstar bli til inkje, herskarane på jorda til tomt ingenting.

24. Knapt er dei planta, knapt er dei sådde, knapt har dei røtt seg i jorda, før han blæs på dei så dei visnar og stormen ber dei bort som halm.

25. «Kven vil de likna meg med, kven er eg lik?» seier Den heilage.

26. Lyft auga mot det høge og sjå: Kven har skapt alt dette? Han som tel stjernehæren, fører dei ut og kallar dei alle ved namn. Hans kraft er så stor og hans styrke så veldig at ikkje éin skal mangla.

27. Kvifor tenkjer du, Jakob, kvifor seier du, Israel: «Min veg er løynd for Herren, min Gud bryr seg ikkje om min rett»?

28. Veit du ikkje, har du ikkje høyrt? Herren er den evige Gud som skapte endane av jorda. Han blir ikkje trøytt og ikkje sliten, ingen kan utforska hans forstand.

29. Han gjev den trøytte kraft, og den som ikkje har krefter, gjev han stor styrke.

30. Gutar blir trøytte og slitne, unge menn snublar og fell.

31. Men dei som ventar på Herren, får ny kraft, dei lyfter vengene som ørna, dei spring og blir ikkje slitne, dei går og blir ikkje trøytte.

»