Logo
🔍

Profeten Jesaja 41 N78NN

« Herren har kalla Kyros

1. Ver stille, ¬de øyar og strender, og høyr på meg, lat folka samla nye krefter! Lat dei koma og tala si sak, lat oss saman gå fram ¬for retten!

2. Kven har vekt ¬den mannen frå aust som sigeren møter ¬kvar han set foten? Kven gjev folkeslag ¬i hans makt og lèt han råda over kongar? Med sverdet gjer han dei ¬lik støv, med bogen ¬lik fykande halmstrå.

3. Han forfylgjer dei, ¬og trygt går han fram, er berre så vidt nedpå vegen ¬med foten.

4. Kven var det ¬som sette dette i verk? Han som frå opphavet ¬kalla ættene fram. Eg, Herren, er den fyrste, og eg skal vera hjå dei siste.

Gudebilete er menneskeverk

5. Øyar og strender ¬ser det og reddast, heimsens endar skjelv. Dei stimar i hop og kjem.

6. Den eine hjelper den andre ¬og seier: «Gå frimodig til verket!»

Herren er med Israel

7. Meisteren set mot ¬i gullsmeden, den som bankar til metallet ¬med hamar, set mot i han ¬som slår på ambolten. Han seier om loddinga: ¬«Ho er god.» Så fester dei biletet med naglar, og det står støtt.

8. Men du Israel, min tenar, Jakob, som eg har valt ut, du ætt av Abraham, min ven!

9. Eg henta deg ¬frå heimsens endar og kalla deg ¬frå den ytste utkant. Eg sa til deg: ¬«Du er min tenar, eg har valt deg ut ¬og ikkje støytt deg bort.»

10. Ver ikkje redd, ¬for eg er med deg! Sjå deg ikkje rådvill ikring, for eg er din Gud! Eg styrkjer deg og hjelper deg og held deg oppe ¬med mi frelsarhand.

11. Sjå, dei vert til spott og skam, alle som harmast på deg. Dei vert til inkjes, ¬går til grunne, dei som set seg opp mot deg.

12. Om du leitar, finn du dei ikkje, dei som står deg imot. Dei går heilt til grunne, dei som strider mot deg.

13. For eg er Herren din Gud, som har gripe di høgre hand og seier til deg: ¬«Ver ikkje redd! Eg hjelper deg.»

14. Ver uredd, Jakob, ¬du arme kryp, og de, Israels menn! Eg hjelper deg, ¬lyder ordet frå Herren, Israels Heilage er din utløysar.

15. Sjå, eg gjer deg ¬til ein treskjeslede, kvass og ny, ¬med mange taggar! Du skal treskja fjell ¬og krasa dei, og haugar skal du gjera ¬lik agner.

Herren gjer under i øydemarka

16. Du skal kasta dei i veret, ¬så vinden tek dei, og stormen spreier dei ¬vidt ikring. Men sjølv skal du jubla ¬i Herren og rosa deg av Israels Heilage.

17. Dei arme og fattige ¬leitar fåfengt etter vatn, medan tunga brenn av torste. Eg, Herren, vil høyra ¬deira bøn, Israels Gud går ikkje frå dei.

18. Eg lèt elvar strøyma fram ¬på snaue høgder og kjelder midt i dalar. Eg gjer øydemarka ¬til sevgrodd tjørn og turre landet ¬til ein kjeldevang.

19. Eg lèt sedrar veksa ¬i øydemarka, akasie, myrt og oliventre. Eg plantar sypress ¬på den aude hei saman med gran og buksbom,

Herren eller avgudane

20. så alle kan sjå og vita at Herrens hand har gjort det, leggja seg på hjarta og skjøna at Israels Heilage har skapt det.

21. Legg fram dykkar sak! ¬seier Herren. Kom med grunnane! ¬seier Jakobs konge.

22. Lat dei koma og kunngjera oss det som sidan skal henda. Fortel oss ¬kva som før har hendt, så vi kan merka oss det! Eller lat oss få høyra ¬kva som skal koma, så vi kan vita kva ¬utgangen vert!

23. Kunngjer det ¬som eingong skal henda, så vi kan skjøna at de er gudar! Ja, gjer eitkvart, ¬godt eller vondt, så vi alle kan sjå det ¬og undrast!

24. Sjå, de er reine inkjevetta, og det de gjer, ¬er ingenting verdt. Ein styggedom er det ¬å velja seg dykk.

25. Eg har vekt ein mann frå nord, og han kjem, frå eit land i aust; han skal kalla på mitt namn. Styresmenn trakkar han ned ¬som søle, liksom pottemakaren ¬stampar leire.

26. Kven kunngjorde dette ¬frå fyrst av, så vi kunne vita det? Kven forkynte det i gamal tid, så vi kunne seia: ¬«Det er rett»? Ingen har kunngjort det, ingen har sagt frå, ingen har høyrt eit ord ¬frå dykk.

27. Eg er den fyrste ¬som seier til Sion: «Sjå, der er dei!» og sender gledebod ¬til Jerusalem.

28. Eg ser meg om, ¬men det finst ikkje ein, ikkje ein som kan gje råd, så eg kunne spørja ¬og få svar.

29. Nei, alle er dei inkjevetta, og det dei gjer, ¬er ingenting verdt. Gagnlause ¬er deira støypte bilete.

»