Logo
🔍

Profeten Jesaja 43 N11NN

« Israel blir utløyst

1. Og no, så seier Herren, som skapte deg, Jakob, som forma deg, Israel: Ver ikkje redd! For eg har løyst deg ut, eg har kalla deg ved namn, du er min.

2. Går du gjennom vatn, er eg med deg, gjennom elvar, skal dei ikkje fløyma over deg. Går du gjennom eld, skal du ikkje svi deg, og logen skal ikkje brenna deg.

3. For eg er Herren din Gud, Israels Heilage, som frelser deg. Eg gjev Egypt som løysepenge for deg, Kusj og Seba i staden for deg.

4. Fordi du er dyrebar i mine auge, høgt akta og eg elskar deg, gjev eg menneske i staden for deg og folkeslag for ditt liv.

5. Ver ikkje redd, for eg er med deg! Frå aust vil eg henta ætta di, og frå vest vil eg samla deg.

6. Eg seier til nord: «Gjev frå deg!» og til sør: «Hald ikkje tilbake!» Hent sønene mine frå det fjerne, døtrene frå enden av jorda,

Herren åleine er Gud og frelsar

7. alle som er kalla med mitt namn, dei eg har skapt til mi ære, forma og laga.

8. Før fram folket som er blindt endå det har auge, dei som er døve endå dei har øyre.

9. Alle folkeslag kjem saman, folka samlar seg. Kan nokon av dei fortelja så vi får høyra om dei første ting? Lat dei føra fram vitne så dei kan få rett! Lat dei høyra på og seia: «Det er sant!»

10. De er mine vitne, seier Herren, og min tenar, som eg har valt ut, for at de skal kjenna meg og tru på meg og skjøna at eg er Han. Før meg har ingen gud vorte forma, og etter meg skal ingen koma.

11. Eg, eg er Herren, det finst ingen annan frelsar enn eg.

12. Det er eg som har fortalt og frelst og gjort det kjent, det finst ingen framand hos dykk. De er mine vitne, seier Herren. Eg er Gud,

Babel fell

13. heilt frå dag vart til, eg er Han. Ingen kan riva ut av mi hand; det eg gjer, kan ingen gjera ugjort.

14. Så seier Herren, han som løyser dykk ut, Israels Heilage: For dykkar skuld sender eg bod til Babel og bryt ned alle bommane. Jubelen frå kaldearane blir til klageskrik.

Noko nytt spirer fram

15. Eg er Herren, dykkar Heilage, Israels skapar, dykkar konge.

16. Så seier Herren, han som gjorde veg gjennom sjøen, ein stig i det veldige vatnet,

17. som førte vogner og hestar, hær og hovdingar uti. Der vart dei liggjande og reiste seg aldri, dei slokna som når ein veike blir sløkt.

18. De skal ikkje minnast dei første ting, ikkje tenkja på det som hende før.

19. Sjå, eg gjer noko nytt. No spirer det fram. Merkar de det ikkje? Ja, eg legg veg i ørkenen, elvar i øydemarka.

20. Ville dyr skal æra meg, sjakalar og strutsar. For eg gjev vatn i ørkenen og elvar i øydemarka så mitt utvalde folk kan få drikka.

21. Mitt folk, som eg har forma, skal forkynna min pris.

22. Men meg har du ikkje kalla på, Jakob, du har ikkje slite deg ut for meg, Israel.

23. Du kom ikkje til meg med brennofferlam og æra meg ikkje med slaktoffer. Eg plaga deg ikkje med grødeoffer og sleit deg ikkje ut med røykjelse.

24. Du kjøpte ikkje krydder til meg for sølv og metta meg ikkje med offerfeitt. Du plaga meg berre med syndene dine og sleit meg ut med ugjerningane dine.

25. Eg, eg er den som utslettar dine brot for mi skuld, og syndene dine minnest eg ikkje.

26. Minn meg på det, lat oss gå til domstolen saman! Tal di sak så du kan få rett!

27. Stamfar din synda, talsmennene dine sette seg opp imot meg.

28. Difor vanhelga eg fyrstane for heilagdomen, eg overgav Jakob til bann og Israel til hån.

»