Logo
🔍

Profeten Jesaja 43 N78NN

« Israels utløysing

1. Og no, så seier Herren, han som skapte deg, ¬Jakob, og laga deg, Israel: Ver ikkje redd! Eg har løyst deg ut og kalla deg ved namn, ¬du er min.

2. Går du gjennom vatn, ¬er eg med deg, gjennom elvar, ¬skal dei ikkje riva deg bort. Går du gjennom eld, ¬skal du ikkje svi deg, og logen skal ikkje brenna deg.

3. For eg er Herren din Gud, Israels Heilage, din frelsar. Eg gjev Egypt ¬til løysepeng for deg, Nubia og Seba i staden ¬for deg.

4. Fordi du er dyr i mine augo, høgt akta og elska av meg, gjev eg menneske ¬i staden for deg, folkeslag for ditt liv.

5. Ver ikkje redd, ¬for eg er med deg! Austanfrå vil eg henta di ætt, og vestanfrå vil eg samla deg.

6. Eg seier til nordheimen: «Kom med dei!» og til sørheimen: «Hald dei ikkje att!» Henta sønene mine ¬langt bortanfrå og døtrene mine ¬frå heimsens ende,

Einast Herren er Gud og frelsar

7. alle som er kalla ¬med mitt namn, alle dei eg har skapt, ja, skapt og gjort til mi ære.

8. Før fram dette folket, eit folk som har augo, ¬men ikkje ser, og øyro, men ikkje høyrer.

9. Lat alle folka samla seg og alle folkeslag møta! Kven av dei ¬kan kunngjera slikt og seia oss det ¬som før har hendt? Lat dei føra fram vitne, ¬så dei kan få rett! Lat dei høyra på og seia: ¬«Det er sant!»

10. Men de er mine vitne, ¬seier Herren, og min tenar, ¬som eg har valt ut, så de skal kjenna meg ¬og tru på meg og skjøna at eg er Gud. Før meg var ingen gud til, og etter meg ¬skal det ingen koma.

11. Eg, ja eg er Herren, og utan meg ¬finst det ingen frelsar.

12. Det er eg ¬som har kunngjort dette, eg har frelst og gjort det kjent; ingen framand gud ¬har gjort det. De er mine vitne, seier Herren. Eg er Gud,

Babylon fell

13. og det er eg frå æve av. Ingen kan riva ut or mi hand. Det eg gjer, ¬kan ingen gjera ugjort.

14. Så seier Herren, dykkar utløysar, ¬Israels Heilage: For dykkar skuld ¬sender eg bod til Babylon og bryt ned alle bommane der; då vert kaldearjubelen ¬til klageskrik.

Sjå, eg skaper noko nytt

15. Eg er Herren, dykkar Heilage, Israels skapar, dykkar konge.

16. Så seier Herren, han som gjorde veg ¬gjennom sjøen, ein stig i det veldige vatnet,

17. som førte hestar og vogner, hær og hovdingar uti. Der vart dei liggjande ¬og reiste seg ikkje, dei slokna som ein veik.

18. Tenk ikkje på det ¬som hende før, gjev ikkje akt ¬på det som eingong var!

19. Sjå, eg skaper noko nytt. No gror det fram. Merkar de det ikkje? Ja, eg legg veg i øydemarka og stigar i den aude hei.

20. Dyra på marka skal æra meg, både sjakalar og strutsar. For eg gjev vatn i øydemarka, lèt elvar renna i den aude hei, så mitt utvalde folk ¬kan få drikka.

21. Det folket eg har skapt meg, skal forkynna min pris.

22. Men på meg har du ikkje kalla, ¬Jakob, du har ikkje gjort deg bry ¬for meg, Israel.

23. Du har ikkje bore fram ¬for meg brennofferlam og ikkje æra meg ¬med slaktoffer. Eg har ikkje plaga deg ¬med offergåver og ikkje trøytta deg ¬med røykjelse.

24. Du har ikkje kjøpt meg ¬krydder for sølv og ikkje metta meg ¬med offerfeitt. Du har berre plaga meg ¬med dine synder og trøytta meg ¬med dine misgjerningar.

25. Eg, ja eg er den ¬som slettar ut dine misgjerningar ¬for mi skuld, og dine synder ¬kjem eg ikkje i hug.

26. Stemn meg! Lat oss saman gå for retten! Legg fram di sak, ¬så du kan få rett!

27. Den fyrste far din synda, og dine talsmenn ¬sette seg opp mot meg.

28. Så laut eg vanæra ¬heilage hovdingar, lysa Jakob i bann og gje Israel til spott.

»