Logo
🔍

Profeten Jesaja 44 N11NN

« Herren velsignar Israel

1. Høyr no, Jakob, tenaren min, og Israel, som eg har valt ut!

2. Så seier Herren, som laga deg og forma deg i mors liv, han som hjelper deg: Ver ikkje redd, min tenar Jakob, Jesjurun, som eg har valt ut!

3. Eg auser vatn over det tørste og bekker over det tørre. Eg auser min Ande over di ætt og mi velsigning over dine etterkomarar.

4. Dei skal spira fram som siv i vatn, som poplar attmed bekkefar.

Den einaste Gud

5. Ein skal seia: «Eg høyrer Herren til», ein annan skal kalla seg med Jakobs namn. Ein skal skriva i si hand: «Til Herren», og Israel skal han få som heidersnamn.

6. Så seier Herren, kongen som løyser ut Israel, Herren over hærskarane: Eg er den første, og eg er den siste, det finst ingen annan gud enn eg.

7. Kven er som eg? Lat han ropa ut og fortelja, leggja fram for meg det som har hendt frå eg grunnla det eldgamle folket. Dei skal fortelja til dei kva som skal koma i framtida.

Handverkaren og gudebileta

8. Frykt ikkje, ver ikkje redde! Har eg ikkje frå før av fortalt og late deg høyra? De er mine vitne. Finst det nokon Gud ved sida av meg? Eg kjenner ikkje til noko anna berg.

9. Dei som formar gudebilete, er tomme, alle saman. Dei gleder seg over slikt som ikkje hjelper. Deira vitne ser ikkje, dei skjønar ikkje, difor blir dei til skamme.

10. Kven formar ein gud og støyper eit bilete om ikkje for å få hjelp?

11. Alle som dyrkar dei, blir til skamme, handverkarane er berre menneske. Lat dei alle samlast og stiga fram! Saman skal dei gripast av skrekk og bli til skamme.

12. Smeden tek meiselen og arbeider på biletet attmed kolelden. Han formar det med hammar og arbeider på det med sterk arm. Blir han svolten, har han ingen styrke lenger. Drikk han ikkje vatn, blir han trøytt.

13. Treskjeraren spenner ut målesnora. Han teiknar eit omriss med stift og lagar eit bilete med skavjern. Han teiknar eit omriss med passar og lagar eit bilete i skapnad av ein mann, eit vakkert menneske. Det set han i eit hus.

14. Han høgg ned sedertre. Han vel seg ut ein sypress eller ei eik og lèt henne veksa seg sterk blant trea i skogen. Han plantar eit furutre, og regnet får det til å veksa.

15. Det skal vera til brensel for menneske. Noko tek han til å verma opp med, noko fyrer han med for å baka brød. Noko lagar han ein gud av, som han tilbed. Han formar eit gudebilete som han bøyer seg for.

16. Halvparten brenner han på elden. På denne halvparten legg han kjøtet han skal eta, han steikjer det og blir mett. Så vermer han seg og seier: «Å, no er eg varm og god, eg ser elden!»

17. Resten lagar han ein gud av, eit gudebilete, som han bøyer seg for. Han kastar seg ned, bed til det og seier: «Berg meg, for du er min gud!»

18. Dei forstår ikkje og skjønar ikkje. Auga deira er attklistra så dei ikkje kan sjå, hjartet òg, så dei ikkje kan skjøna.

19. Han tek det ikkje inn over seg, han har ikkje kunnskap og forstand nok til å seia: «Halvparten brende eg opp, så baka eg brød over glørne. Eg steikjer kjøt og et det. Så lagar eg noko avskyeleg av resten, eg bøyer meg for ein trekubbe!»

Herren løyser Israel ut

20. Han gjeter oske, det forvirra hjartet hans har ført han vill, så han ikkje bergar livet og seier: «Er det ikkje løgn i mi høgre hand?»

21. Hugs dette, Jakob, og Israel, for du er min tenar. Eg har forma deg, du er min tenar, Israel, du blir ikkje gløymd av meg.

22. Eg stryk bort brota dine som ei skodde og syndene dine som ei sky. Vend om til meg, for eg løyser deg ut!

23. Jubla, du himmel, for Herren har gripe inn! Rop av fryd, de djup på jord! Bryt ut i jubel, de fjell, du skog med alle dine tre! For Herren løyser ut Jakob, på Israel viser han sin herlegdom.

24. Så seier Herren, som løyser deg ut, og som forma deg i mors liv: Eg er Herren, som har skapt alt, åleine har eg spent ut himmelen, og utan hjelp har eg breidd jorda ut.

25. Eg set teikna til orakelprestane ut av kraft og gjer spåmennene til narr. Eg driv vismenn tilbake og gjer deira visdom til dårskap.

26. Eg stadfester orda frå tenarane mine og gjennomfører den planen sendeboda mine har forkynt. Eg seier om Jerusalem: «Det skal bu folk i henne» og om byane i Juda: «Dei skal byggjast opp att, eg skal gjenreisa ruinane.»

27. Eg seier til havdjupet: «Bli tørt! Eg tørkar ut straumane dine.»

28. Eg seier om Kyros: «Min hyrding, som skal gjennomføra alt det eg vil, sei om Jerusalem: Ho skal byggjast! og om tempelet: Det skal grunnleggjast!»

»