Profeten Jesaja 44 N78NN
1. Men høyr no, Jakob, ¬min tenar, du Israel, som eg har valt ut!
2. Så seier Herren, han som har skapt deg ¬og laga deg og hjelpt deg alt frå mors liv: Ver ikkje redd, ¬du min tenar Jakob, Jesjurun, som eg har valt ut!
3. For eg vil renna vatn ¬over det tyrste og straumar over det turre. Min Ande vil eg renna ut ¬over di ætt og mi velsigning ¬over dine etterkomarar.
4. Dei skal veksa opp ¬som sev i vatn, som poplar attmed bekkefar.
Den einaste Gud5. Ein skal seia: ¬«Eg høyrer Herren til», ein annan skal kalla seg ¬med Jakobs namn. Ein skal skriva i si hand: ¬«For Herren», og Israel skal han få ¬til ærenamn.
6. Så seier Herren, Israels konge og utløysar, Herren, Allhærs Gud: Eg er den fyrste, ¬og eg er den siste, og utan meg ¬finst det ingen Gud.
7. Kven er som eg? Lat han stiga fram og fortelja, ja, leggja fram for meg ¬det som har hendt alt frå eg skapte ¬det fyrste folket. Og lat han seia dei det ¬som sidan skal henda.
Det er dårskap å laga gudebilete8. Ottast ikkje, ver ikkje redde! Har eg ikkje for lenge sidan kunngjort og sagt deg det? De er mine vitne. Finst det ein Gud utan meg? Eg veit ikkje om ¬noko anna berg.
9. Dei som lagar gudebilete, ¬duger ikkje; og deira kjære gudar ¬kan ikkje hjelpa. Deira vitne ser ikkje ¬og skjønar ikkje, difor vert dei til skammar.
10. Kven lagar ein gud ¬og støyper eit bilete utan å venta seg gagn av det?
11. Alle som dyrkar det, ¬vert til skammar; dei som lagar det, ¬er berre menneske. Lat dei samlast og stiga fram! Dei skal alle fyllast ¬med redsle og skam.
12. Smeden arbeider med meiselen og strevar attmed kolelden. Han formar biletet med hamar og lagar det til med sin sterke arm. Han vert svolten og kreftene minkar. Han vert tyrst og misser sin styrke.
13. Treskjeraren spenner ut mælesnora og teiknar biletet med krit. Han ritar det opp med passar og formar det med skavjern. Så lagar han det til i manneskapnad, som eit fagert menneske, og set det i eit hus.
14. Han feller sedrar, eller han vel seg ei steineik eller ei eik, som har vakse seg sterk mellom trea i skogen. Han plantar òg eit laurbærtre, og regnet gjev vokster.
15. Dette brukar mannen til brensel. Noko tek han til å verma seg med, og noko nører han opp eld med når han skal baka brød. Men han lagar òg ein gud som han kastar seg ned for, eit gudebilete som han bøyer kne for.
16. Halvparten av treet brenner han i elden. På glørne steikjer han kjøt, et og vert mett. Så vermer han seg og seier: «Å, no er eg varm; eg merkar elden!».
17. Resten gjer han til ein gud, eit gudebilete, som han bøyer seg for. Han kastar seg ned, bed til det og seier: «Frels meg, for du er min gud!»
18. Slike folk er utan vit og skjøn. Augo deira er attklinte, så dei ikkje ser, og hjarto deira harde, så dei ikkje skjønar.
19. Mannen tenkjer seg ikkje om og har ikkje klokskap og skjøn nok til å seia: «Halvparten av treet brende eg opp. På glørne steikte eg brød og kjøt og åt. Og så skulle eg laga resten til eit ufyseleg bilete og bøya kne for ein trekubbe!»
Eg løyser deg ut20. Berre oske er det han jagar etter. Eit dåra hjarta har ført han vilt, så han ikkje bergar seg og seier: «Er det ikkje lygn det eg held i mi høgre hand?»
21. Kom dette i hug, Jakob, kom det i hug, Israel! For du er min tenar. Eg har skapt deg, ¬du er min tenar, du er ikkje gløymd av meg, ¬Israel.
22. Eg stryk bort dine brot ¬som ei skodd og dine synder som ei sky. Vend om til meg, ¬eg løyser deg ut!
Jerusalem skal byggjast opp att23. Jubla, du himmel, for Herren har gripe inn. Rop av fryd, de jordedjup! Bryt ut i jubel, alle fjell, du skog med alle dine tre! For Herren løyser ut Jakob og syner sin herlegdom ¬på Israel.
24. Så seier Herren, din utløysar, han som skapte deg i mors liv: Eg er Herren som gjorde alt; himmelen spente eg ut åleine, og jorda breidde eg ut ¬utan hjelp.
25. Eg gjer teikna ¬åt varseltydarane til inkjes og lèt spåmennene verta ¬til narr. Eg får vismenn til å tagna, gjer deira visdom til dårskap.
26. Men eg stadfester orda ¬åt mine tenarar og gjennomfører den plan som mine sendebod ¬forkynner. Eg seier om Jerusalem: «Der skal det bu folk,» og om byane i Juda: «Dei skal byggjast opp att; eg skal reisa det ¬som ligg i røys.»
27. Eg seier til havdjupet: ¬«Torna! Dine straumar turkar eg ut.»
28. Eg seier om Kyros: «Han er min hyrding, han skal fullføra alt det eg vil; han skal seia om Jerusalem: Byen skal byggjast! og om templet: Det skal atter verta grunnlagt.»