Logo
🔍

Profeten Jesaja 45 N11NN

« Kyros, Herrens salva

1. Så seier Herren til den han har salva, til Kyros, som eg har gripe i høgre hand for å tvinga folkeslag under han og løysa belte av kongar og opna dører for han, og ingen port skal vera stengd.

2. Eg vil gå framfor deg. Fjell vil eg jamna ut, bronsedører vil eg knusa, og jernbommar vil eg hogga sund.

3. Eg gjev deg skattar som er løynde i mørkret, og rikdomar gøymde på løynlege stader, for at du skal kjenna at eg er Herren, som har kalla deg ved namn, Israels Gud.

4. For min tenar Jakobs skuld, for Israel, min utvalde, kallar eg deg ved namn. Eg gjev deg heidersnamn endå du ikkje kjenner meg.

5. Eg er Herren, ingen annan, det finst ingen annan gud enn eg. Eg spenner beltet om livet på deg, endå du ikkje kjenner meg,

6. for at dei skal kjenna i aust og vest at det ikkje er nokon annan enn eg. Eg er Herren, ingen annan.

7. Eg formar lys og skaper mørker, eg stiftar fred og skaper ulukke. Eg, Herren, gjer alt dette.

Kven kan dømma om Herrens verk?

8. Lat det drypa ovanfrå, du himmel! Rettferd skal strøyma frå skyene. Jorda skal opna seg, gje frelse som frukt og la rettferd spira. Eg, Herren, skaper dette.

9. Ve den som fører sak mot sin skapar, eit potteskar blant potteskar av jord! Kan leira seia til han som formar henne: «Kva gjer du?» Kan noko du har laga, seia: «Han har ikkje hender»?

10. Ve den som seier til ein far: «Kva er det for born du får?» og til ei kvinne: «Kva er det du føder?»

11. Så seier Herren, Israels Heilage, som forma det: Spør meg om det som skal koma! Skal de bestemma over mine born, over det hendene mine har laga?

12. Eg laga jorda og skapte menneske på henne. Eg, hendene mine, spente himmelen ut, og til heile hans hær gav eg ordre.

Gud som løyner seg

13. Eg har vekt opp ein mann i rettferd, og alle hans vegar jamnar eg ut. Han skal byggja byen min og senda folket mitt heim frå eksil utan betaling eller løn, seier Herren over hærskarane.

14. Så seier Herren: Rikdom frå Egypt, velstand frå Kusj og høgvaksne menn frå Seba skal gå over til deg og bli dine. Dei skal følgja etter deg i lenkjer, kasta seg ned for deg og hylla deg: «Berre hos deg er Gud, det er ingen annan, ingen annan gud.»

15. Sanneleg, du er ein Gud som løyner seg, Israels Gud og frelsar.

16. Til skamme og til spott blir alle handverkarane som lagar gudebilete, saman går dei bort med vanære.

Kvart kne skal bøya seg for Herren

17. Men Israel blir frelst ved Herren med ei evig frelse. Evig og aldri skal de bli til skamme og til spott.

18. For så seier Herren, som skapte himmelen, han som er Gud, som forma jorda og laga henne, han som grunnla henne og ikkje skapte henne tom, men forma henne til å bu på: Eg er Herren, ingen annan.

19. Eg har ikkje tala i det løynde, ein stad i det mørke landet. Eg har ikkje sagt til Jakobs ætt: «Søk meg i det tomme!» Eg, Herren, talar rettferd og fortel kva som er rett.

20. Samla dykk og kom, kom nærare, alle saman, de som har sloppe unna folkeslaga. Dei skjønar ingen ting, dei som ber på gudebilete av tre og bed til ein gud som ikkje kan frelsa.

21. Gjer det kjent og legg det fram, berre hald råd saman! Kven har kunngjort dette på førehand, kven har fortalt det frå før? Er det ikkje eg, Herren? Det finst ingen annan gud enn eg, ingen annan rettferdig og frelsande Gud.

22. Vend dykk til meg og bli frelste, alle endane av jorda! For eg er Gud, og ingen annan.

23. Ved meg sjølv har eg svore, rettferd har gått ut frå min munn, eit ord som ikkje vender attende: For meg skal kvart kne bøya seg, kvar tunge skal sverja ved meg.

24. Om meg skal dei seia: «Berre hos Herren er rettferd og styrke.» Til han skal dei koma i skam, alle som var harme på han.

25. Ved Herren skal dei få rett og vera stolte, heile Israels ætt.

»