Logo
🔍

Profeten Jesaja 45 N78NN

« Kyros, Herrens salvevigde

1. Så seier Herren til den han har salva, til Kyros, som eg held ¬i hans høgre hand for å tvinga folkeslag ¬under han, løysa beltet av kongar og opna dører for han, så ingen port skal vera stengd.

2. Eg vil gå føre deg. Bakkar vil eg jamna, bronsedører vil eg sprengja, og jernbommar vil eg slå sund.

3. Eg vil gje deg skattar, ¬dulde i mørkret, og rikdomar, ¬gøymde på løynlege stader, så du skal vita at eg er Herren, Israels Gud, ¬som har kalla deg på namn.

4. For min tenar Jakobs skuld, for Israel, min utvalde, har eg kalla deg ¬og gjeve deg eit ærenamn, endå du ikkje kjende meg.

5. Eg er Herren, og ingen annan, utan meg finst det ingen Gud. Eg spente beltet om livet ¬på deg, endå du ikkje kjende meg,

6. så dei skal vita ¬både i aust og vest at det finst ingen annan ¬enn eg. Eg er Herren, og ingen annan.

7. Eg skaper ljoset, og eg lagar mørkret; eg skaper lukke og ulukke. Det er eg, Herren, ¬som gjer alt dette.

Kven kan døma om Herrens verk?

8. Lat det drypa ovanfrå, ¬du himmel, lat rettferd strøyma, de skyer! Jorda skal opna seg for det, og den frukt ho ber, er frelse, det ho lèt gro, er rettferd. Eg, Herren, skaper dette.

9. Ve den som trettar ¬med sin skapar – eit krusbrot ¬mellom krusbrot av jord! Kan leiret seia til han ¬som formar det: «Kva er det du gjer?» Kan verket seia: «Han har ikkje handlag»?

10. Ve den som seier til ein far: «Kva er det du avlar?» og til ei kvinne: «Kva er det du føder?»

11. Så seier Herren, Israels ¬Heilage, han som skaper dei ting ¬som kjem: Kvi spør de meg ¬om mine søner, kvi seier de meg ¬kva eg skal gjera?

12. Det var eg som laga jorda og skapte menneske der. Eg spente ut himmelen ¬med mine hender, og heile hans hær baud eg ut.

Gud som løyner seg

13. I rettferd har eg vekt ein mann og jamna alle hans vegar. Han skal byggja min by og senda heim ¬mitt bortførte folk utan vederlag, utan betaling, seier Herren, Allhærs Gud.

14. Så seier Herren: Du skal få all den rikdom som egyptarane har samla ¬med sitt strev og nubiarane med sin handel. Og røslege karar frå Seba skal koma og høyra deg til. Deg skal dei fylgja, og i lekkjer skal dei gå. For deg skal dei kasta seg ned, til deg skal dei fagnande seia: «Berre hjå deg er Gud; og det finst ingen annan, ingen annan Gud.»

15. Sanneleg, du er ein Gud ¬som løyner seg, du Israels Gud og frelsar.

16. Til spott og skam skal dei verta, alle som lagar gudebilete; med vanære skal dei gå bort.

For Herren skal kvart kne bøya seg

17. Men Israel finn frelse ¬hjå Herren; ei evig frelse skal det vera. De skal aldri verta ¬til spott og skam.

18. Ja, så seier Herren, som skapte himmelen, han, den einaste Gud, som laga og forma jorda og gjorde hennar ¬grunnvollar faste, som ikkje skapte henne ¬til ei audn, men laga henne til bustad ¬for folk: Eg er Herren, og ingen annan.

19. Eg har ikkje tala i det dulde, ein stad i det mørke land. Eg har ikkje sagt til Jakobs ætt: «Søk meg i det aude og tome!» Eg, Herren, talar sanning og forkynner det som er rett.

20. Samla dykk og kom, stig fram i lag, de som har sloppe ¬unna folkeslaga! Dei skjønar ingenting, dei som ber sine gudebilete ¬av tre og bed til ein gud ¬som ikkje kan frelsa.

21. Ta til ords, ¬legg fram dykkar sak, ja, berre rådlegg saman! Kven har kunngjort ¬dette føreåt og forkynt det for lenge sidan? Er det ikkje eg, Herren? Utan meg er det ingen Gud; det finst ingen annan ¬rettferdig og frelsande Gud.

22. Vend deg til meg og få frelse, heile du vide jord! For eg er Gud, og ingen annan.

23. Ved meg sjølv har eg svore, eit sanningsord har gått ut ¬or min munn, eit ord som eg ikkje tek att: For meg skal kvart kne ¬bøya seg, kvar tunge ¬skal sverja meg truskap.

24. Om meg skal dei seia: «Berre hjå Herren ¬er frelse og styrke.» Til han ¬skal dei skamfulle koma, alle som harmast på han.

25. Ved Herren ¬skal dei vinna rettferd, og av han skal dei rosa seg, alle som er av Israels ætt.

»