Logo
🔍

Profeten Jesaja 47 N78NN

« Spottevise om Babel

1. Stig ned og set deg ¬i molda, Babels dotter, du unge møy! Set deg på jorda, ¬utan kongsstol, du kaldeardotter! For du skal ikkje lenger kallast den fine og bortskjemde møy.

2. Ta kverna fram og mal! Legg sløret bort, ¬lyft slepet opp, så foten vert berr, og du kan vassa over elvar.

3. Dei skal kle av deg og sjå deg naken. Eg tek hemn og sparer ingen,

4. seier vår utløysar. Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn. Israels Heilage er han.

5. Set deg stilt, og gå inn i mørkret, du kaldeardotter! For du skal ikkje lenger kallast dronning over kongerike.

6. Eg var harm på mitt folk og førte vanære ¬over mitt arveland. Eg gav dei i dine hender, og du hadde ikkje medkjensle ¬med dei. Jamvel på gamle folk la du ditt tunge åk.

7. Du sa: «Eg skal for alltid ¬vera dronning!» Du la deg ikkje dette på hjarta og tenkte ikkje på endelykta.

8. Så høyr då dette, du nytesjuke, som sit så trygg og tenkjer med deg sjølv: «Eg og ingen annan! Eg skal ikkje sitja enkje og aldri leva barnlaus.»

9. Men begge desse ulukkene skal koma over deg, brått, på ein einaste dag. Barnløyse og enkjestand kjem på deg i fullaste mål trass i all di svartekunst og dine sterke trolldomsord.

10. Du kjende deg trygg ¬i din vondskap og sa: «Det er ingen som ser meg.» Din visdom og kunnskap ¬førte deg vilt, så du tenkte med deg: «Eg og ingen annan!»

11. Så skal du då råkast ¬av noko vondt som du ikkje kan mana bort. Ei ulukke skal henda deg, og den kan du ikkje hindra ¬med soning. Brått kjem det over deg, eit stormver du ikkje venta.

12. Kom no med dine ¬trolldomsord og all di svartekunst, som du har drive med ¬frå din ungdom! Kanskje kunne du finna hjelp, kanskje skræma ulukka bort!

13. Du har streva ¬med mange planar. Lat dei stiga fram og ¬hjelpa deg, dei som granskar himmelen og kikkar på stjernene, dei som månad etter månad varslar det som skal henda deg.

14. Men sjå, dei vert som halm; elden brenner dei opp. Dei kan ikkje berga livet frå den sterke logen. Det er ikkje glør ¬til å verma seg med, ikkje bål til å sitja framfor.

15. Så går det dine trollmenn, som du har trøytta deg ut med frå du var ung. Dei vinglar kvar sin veg; det finst ingen som ¬hjelper deg.

»