Logo
🔍

Profeten Jesaja 49 N78NN

« Herrens tenar vitnar om kallet sitt

1. Høyr på meg, de øyar og strender, lyd etter, de folk langt borte! Frå mors liv ¬har Herren kalla meg, frå mors fang ¬har han nemnt mitt namn.

2. Han har gjort min munn ¬til eit kvast sverd og løynt meg i skuggen ¬av si hand. Han har gjort meg ¬til ei kvass pil og gøymt meg i sitt pilehus.

3. Han sa til meg: «Du er Israel, min tenar, på deg vil eg syna ¬min herlegdom.»

4. Men eg sa: «Til fåfengs har eg streva, til unyttes har eg øydt ¬mi kraft. Min rett er likevel hjå Herren, mi løn er hjå min Gud.»

5. «Og no,» seier Herren, som frå mors liv har skapt meg til sin tenar, til å føra Jakob attende til han og samla Israel hjå han – eg er gjæv i Herrens augo, og min Gud ¬har vorte min styrke,

Heim frå fangenskapet

6. «det er for lite ¬at du er min tenar som skal reisa opp att ¬Jakobs ætter og føra heim att ¬den frelste flokken av Israel. Eg vil gjera deg ¬til eit ljos for folkeslag, så mi frelse kan nå ¬til heimsens ende.»

7. Så seier Herren, Israels utløysar, ¬Israels Heilage, til han ¬som alle vanvørder og skyr, til han som er træl ¬under valdsherrar: Kongar skal sjå det ¬og reisa seg, fyrstar skal kasta seg ned, for Herrens skuld, ¬han som er trufast, for Israels Heilage, ¬som valde deg ut.

8. Så seier Herren: I nådens tid bønhøyrer eg deg, på frelsesdagen hjelper eg deg. Eg har skapt deg og gjort deg til ei pakt ¬for folket. Du skal atterreisa landet og skifta ut odelsgrunn som ligg aud og snau,

9. og seia til fangane: «Gå ut!» til dei som er i mørkret: ¬«Kom fram!» Langs vegane skal dei finna mat og beite på alle snaue høgder.

10. Dei skal ikkje svelta ¬og ikkje tyrsta, korkje sol eller hete ¬skal skada dei. For han som miskunnar dei, skal føra dei og leia dei ¬til vassrike kjelder.

11. Eg gjer alle fjell til farande veg, mine kongsvegar ¬skal byggjast høgare.

12. Sjå, langt bortanfrå kjem dei, somme frå nord ¬og somme frå vest og somme frå Sinim-landet.

Herren gløymer ikkje Sion

13. Jubla, du himmel, ¬og fegnast, du jord! Set i med glederop, de fjell! For Herren trøystar sitt folk, han viser miskunn ¬mot sine armingar.

14. Men Sion seier: «Herren har forlate meg, min Gud har gløymt meg.»

15. Gløymer vel ei kvinne ¬brystbarnet sitt, har ho ikkje medkjensle ¬med den son ho fødde? Og om ei mor kan gløyma, så gløymer ikkje eg deg.

16. Sjå, eg har teikna deg ¬i mine hender, dine murar har eg ¬alltid for auga.

17. Dei som skal byggja deg, ¬skundar seg hit, og dei som reiv ned ¬og la deg i øyde, fer bort ifrå deg.

18. Lyft augo og sjå deg ikring! Dei samlar seg alle ¬og kjem til deg. Så sant eg lever, ¬lyder ordet frå Herren, du skal ta dei på deg ¬som eit smykke, og binda dei om deg ¬som eit brurebelte.

19. No vert det for trongt for deg, det aude og snaue ¬og øydelagde landet. Og borte er dei ¬som ville tyna deg.

20. Dei born du fekk ¬då du var barnlaus, skal endå ein gong seia til deg: «Denne staden er meg ¬for trong. Flytt deg, så eg kan få bu her!»

21. Då skal du tenkja med deg: «Kven har født meg desse? Eg var barnlaus ¬og ufør til å føda, landlyst og bortdriven. Kven har fostra desse? Eg sat einsam att. Kvar kjem desse frå?»

22. Så seier Herren vår Gud: Sjå, eg lyfter mi hand ¬til teikn for folkeslag og reiser mitt merke for folka. Så kjem dei med sønene dine ¬i armen, og døtrene dine ber dei ¬på aksla.

23. Kongar skal vera fosterfedrar ¬for deg og deira dronningar ¬barnfostrer. Dei skal kasta seg til jorda ¬for deg og slikka støvet for dine føter. Då skal du skjøna ¬at eg er Herren, og at dei som set si von til meg, ikkje skal verta til skammar.

24. Kan nokon ta hærfang ¬frå ein krigar, kan fangar sleppa frå ¬ein valdsmann?

25. Ja, så seier Herren: Fangar skal takast ¬frå krigaren, og hærfang skal bergast ¬frå valdsmannen. Eg vil strida mot dei ¬som strider mot deg, og borna dine vil eg frelsa.

26. Eg lèt dei som trælka deg, eta sitt eige kjøt og drikka sitt blod ¬som druesaft. Og alle menneske skal skjøna at eg er Herren, din frelsar, Jakobs Veldige, din utløysar.

»