Logo
🔍

Profeten Jesaja 5 N78NN

« Herrens vingard

1. Eg vil syngja ein song ¬om min ven, songen åt min ven ¬om hans vingard. Ein vingard hadde min ven i ein grøderik bakke.

2. Han hakka han opp ¬og reinsa han for stein og planta han til ¬med gode vintre. Han bygde eit vakttårn i hagen og hogg ut ei vinpresse der. Så venta han ein haust ¬av gode druer, men beisk var den frukta ¬han fekk.

3. Og no, de Jerusalems-buar og Juda-menn: Døm mellom meg ¬og min vingard!

4. Kva meir var det ¬å gjera med hagen enn det eg alt hadde gjort? Kvifor bar han så beisk ¬ei frukt, når eg venta meg gode druer?

5. No skal eg seia dykk kva eg vil gjera ¬med vingarden min. Eg tek bort gjerdet, ¬så han vert avbeitt, riv ned muren, ¬så han vert nedtrakka.

6. Eg gjer han til ei øydemark. Han skal ikkje skjerast ¬og hakkast meir, men torn og tistel skal gro der. Og skyene byd eg at dei ikkje skal senda regn ¬over han.

Verop

7. For vingarden åt Herren, ¬Allhærs Gud, det er Israels hus, og folket i Juda er hagen som han hadde hugnad i. Han venta rett, men sjå, ¬det vart blodig urett! Han venta rettferd, men høyr, det vart skrik!

8. Ve dei som legg hus til hus og åker til åker, til det ikkje meir finst rom, og de sit att åleine i landet!

9. Frå Herren, Allhærs Gud, kling det i øyro mine: Sanneleg, ¬mange hus skal verta aude, store, gode gardar skal ¬stå tome.

10. For ein vingard ¬som kan pløyast på ti dagar, skal berre gje av seg ein bat, og ein homer såkorn ¬berre ein efa.

11. Ve dei som står tidleg opp ¬om morgonen og jagar etter sterk drikk, som sit lenge utover kvelden eldraude av vin.

12. Dei held gilde ¬med lyre og harpe, tromme og fløyte – og vin. Men Herrens gjerning ¬ansar dei ikkje, dei har ikkje syn for det ¬hans hender har gjort.

13. Difor skal folket mitt ¬førast bort før dei veit av det. Stormennene skal forgå ¬av svolt og den ståkande hopen ¬brenna av torste.

14. Difor opnar dødsriket sitt svelg og spilar opp sit gap umåteleg; ned fer stormenn og folkehop, den ståkande, lystige flokken.

15. Då skal mennesket bøyast og mannen audmykjast, dei stolte må slå sine augo ned.

16. Men Herren, Allhærs Gud, er høg når han held dom, den heilage Gud syner seg heilag ved rettferd.

17. Der skal lamma beita ¬som i ei utmark, gjøfe og geiter skal gå og gnaga på dei aude tufter.

18. Ve dei som dreg skulda til seg med vondskaps sterke tog og slepar på synd ¬som med vognreip!

19. Dei seier: «Lat han skunda seg ¬og gjera sitt verk så fort at vi kan få sjå det! Lat det henda, det Israels Heilage har fastsett, lat det koma, så vi får oppleva det!»

20. Ve dei ¬som kallar det vonde godt og det gode vondt, dei som gjer mørker til ljos ¬og ljos til mørker, beiskt til søtt og søtt til beiskt!

21. Ve dei som er vise ¬i eigne augo og kloke i eigne tankar!

22. Ve dei som er heltar ¬– til å drikka vin, og djerve karar ¬– til å blanda sterk drikk,

23. som frikjenner den skuldige ¬for pengar og ikkje lèt den skuldlause ¬få sin rett!

Herrens vreide og straff

24. Difor, liksom eld øyder halm, og høy sig saman i logen, så skal rota deira rotna og blomen føykjast bort ¬som støv. For dei har vraka lov og lære frå Herren, Allhærs Gud, og vanvørdt ordet ¬frå Israels Heilage.

25. Difor logar Herrens vreide ¬mot folket hans. Han retter ut handa og slår det, så fjella skjelv, ¬og lika ligg som avfall i gata. Men med det har harmen hans ¬ikkje lagt seg, og enno retter han ut si hand.

26. Han reiser eit hærmerke for eit folk langt borte og plystrar det hit ¬frå enden av jorda. Og sjå, der kjem dei, ¬snøgt og lett.

27. Det finst ingen der som er trøytt eller snåvar, ingen som blundar, ¬og ingen som søv. Beltet om livet losnar ikkje, og inga skoreim slitnar.

28. Pilene deira er kvasse, og bogane deira er alle spente, hestehovane er som flint og vognhjula ¬som ein kvervelvind.

29. Dei brøler som løver, brøler som unge løver. Knurrande grip dei sitt rov og ber det bort – det er ingen som bergar.

30. Den dagen skal det dura ¬over folket, som når havet durar. Ser ein ut over jorda, er det trengsle og mørker. Ljoset kverv under tunge ¬skyer.

»