Logo
🔍

Profeten Jesaja 50 N11NN

« Har eg ikkje kraft til å berga?

1. Så seier Herren: Kvar er skilsmissebrevet eg skal ha sendt mor dykkar bort med? Eller kva for ein långjevar er det eg skal ha selt dykk til? Sjå, for syndene dykkar vart de selde, for brota dykkar vart mor dykkar send bort.

2. Kvifor fann eg ingen då eg kom, kvifor svara ingen då eg ropa? Er mi hand for kort til å fria ut, har eg ikkje kraft til å berga? Sjå, når eg trugar, legg eg sjøen tørr og gjer elvar til ørken, fisken stinkar, for vatnet er borte, han døyr av tørste.

Herrens tenar er tillitsfull

3. Eg kler himmelen i svart, eg sveiper han i sekkestrie.

4. Herren Gud har gjeve meg læresveins tunge så eg kan styrkja den trøytte med eit ord. Morgon etter morgon vekkjer han mitt øyre så eg kan høyra på læresveins vis.

5. Herren min Gud har opna mitt øyre. Eg var ikkje trassig og trekte meg ikkje tilbake.

6. Ryggen overgav eg til dei som slo, kinnet til dei som reiv av meg skjegget, andletet løynde eg ikkje for vanære og spytt.

7. Herren Gud hjelper meg, difor blir eg ikkje til spott, difor gjer eg andletet hardt som flint, og eg veit at eg ikkje blir til skamme.

8. Han som frikjenner meg, er nær. Kven vil føra sak mot meg? Lat oss stå fram saman! Kven er min motpart? Lat han stiga fram mot meg!

9. Sjå, Herren Gud hjelper meg. Kven vil dømma meg skuldig? Sjå, dei skal alle bli utslitne som klede, møll skal eta dei opp.

10. Kven av dykk fryktar Herren og høyrer på røysta til tenaren hans, han som vandrar i mørker og ikkje har lys, men må stola på Herrens namn og støtta seg til sin Gud?

11. Sjå, alle de som har kveikt opp eld og rusta dykk med brannpiler: Gå inn i den logande elden dykkar, mellom pilene de har kveikt! Frå mi hand kjem dette over dykk, i pinsle skal de liggja.

»