Logo
🔍

Profeten Jesaja 50 N78NN

« Har eg ikkje kraft til å frelsa?

1. Så seier Herren: Kvar er det ¬skilsmålsbrevet som eg har sendt mor dykkar ¬bort med? Eller kven hadde krav på meg, så eg laut selja dykk til han? Nei, de vart selde ¬fordi de synda, og mor dykkar vart bortsend ¬fordi de sveik meg.

2. Kvifor fann eg ingen då ¬eg kom, kvifor fekk eg ikkje svar ¬då eg ropa? Er mi hand for kort til å frelsa, har eg ikkje kraft til å berga? Med eit trugande ord ¬legg eg sjøen turr og gjer elvar til øydemark, så fisken døyr av torste og ligg og rotnar ¬fordi vatnet er borte.

Herrens tenar er tillitsfull i trengsler

3. Eg kler himmelen i svart og sveiper han i syrgjebunad.

4. Herren min Gud har gjeve meg ei læresveins-tunge, så eg med mitt ord ¬kan styrkja den trøytte. Kvar morgon ¬vekkjer han mitt øyra, så eg kan høyra ¬på læresveins vis.

5. Herren min Gud ¬har opna mitt øyra. Eg sette meg ikkje imot og drog meg ikkje unna.

6. Min rygg baud eg fram ¬til dei som slo, mine kinn til dei ¬som reiv meg i skjegget. Eg gøymde ikkje mitt andlet for vanære og spytt.

7. Herren min Gud ¬kjem meg til hjelp; difor skjemmest eg ikkje. Difor gjer eg andletet ¬hardt som flint, og eg veit at eg ikkje ¬vert til skammar.

8. Han er nær, han som hjelper meg ¬til min rett. Kven vil føra sak mot meg? Lat oss møtast for retten! Kven er min motpart? Lat han stiga fram!

9. Sjå, Herren min Gud ¬kjem meg til hjelp. Kven vil døma meg skuldig? Dei vert alle utslitne ¬som ein kledning, mòl skal eta dei opp.

10. Dei av dykk ¬som har age for Herren, skal høyra på hans tenar. Den som ferdast i mørker og ikkje ser det minste ljos, han kan lita på Herrens namn og stø seg til sin Gud.

11. Men de som kveikjer opp eld og skyt brannpiler ¬til alle kantar, gå inn i den logande elden, mellom pilene ¬som de har kveikt! Frå mi hand ¬kjem dette over dykk, i pinsle skal de liggja.

»