Logo
🔍

Profeten Jesaja 51 N11NN

« Guds frelse skal vara evig

1. Høyr på meg, de som jagar etter rettferd, de som søkjer Herren! Sjå på berget de er hogne ut av, på brønnen de er gravne ut av!

2. Sjå på Abraham, far dykkar, og på Sara, som fødde dykk! For han var berre éin då eg kalla han, men eg velsigna han og gjorde han til mange.

3. Herren trøystar Sion, trøystar alle ruinane hennar. Han gjer ørkenen hennar lik Eden, øydemarka lik Herrens hage. Jubel og glede skal vera i henne, takkoffer med song og spel.

4. Lytt til meg, mitt folk, mitt folkeslag, vend øyret til meg! For lov går ut frå meg, brått gjer eg min rett til lys for folka.

5. Mi rettferd er nær, mi frelse bryt fram, mine armar dømmer folka. Fjerne kystar vonar på meg, dei ventar på min arm.

6. Lyft auga mot himmelen og sjå på jorda her nede! Himmelen løyser seg opp som røyk, jorda skal slitast ut som eit klesplagg, og dei som bur der, skal døy som lus. Men mi frelse skal vara til evig tid, mi rettferd skal aldri knusast.

7. Høyr på meg, de som kjenner rettferd, du folk som har mi lov i hjartet! Ver ikkje redd når menneske spottar, mist ikkje motet når dei håner!

Gud skal igjen trøysta Sion

8. For møll skal eta dei som klede, mott skal eta dei som ull. Men mi rettferd skal vara til evig tid, mi frelse frå slekt til slekt.

9. Vakna, vakna og kled deg i kraft, du Herrens arm! Vakna som i gamle dagar, som i dei eldste tider! Var det ikkje du som felte Rahab og gjennombora sjøuhyret?

10. Var det ikkje du som tørka ut havet, vatnet i det store djupet, og gjorde havbotnen til ein veg der dei som var løyste ut, kunne gå over?

11. Dei som Herren har fria ut, skal venda attende. Dei kjem til Sion med jubel, med evig glede om panna. Fryd og glede møter dei, sorg og sukk må flykta.

12. Eg, eg er den som trøystar dykk. Kven er du som fryktar menneske som må døy, menneskeborn som visnar lik gras.

13. Du har gløymt Herren, som skapte deg, han som spente ut himmelen og grunnla jorda. Alltid, heile dagen, fryktar du vreiden til undertrykkjaren når han prøver å øydeleggja deg. Kvar er vreiden til undertrykkjaren?

14. Snart skal den som er i lenkjer, bli løyst, han skal ikkje døy og gå i grav, og ikkje skal han mangla brød.

15. Eg er Herren din Gud som rører opp havet så bølgjene brusar. Herren over hærskarane er hans namn.

Vakna, Jerusalem

16. Eg har lagt mine ord i din munn og løynt deg i skuggen av mi hand. Eg har spent ut himmelen og grunnlagt jorda og sagt til Sion: «Du er mitt folk.»

17. Vakna, vakna og reis deg, Jerusalem, du som måtte drikka vreidebegeret frå Herrens hand, tømma giftbegeret til botnar!

18. Det var ingen til å leia henne av alle dei borna ho fødde, ingen til å ta henne i handa av alle dei borna ho fostra.

19. Vald og skade, svolt og sverd – kven trøysta deg? To og to har dei råka deg – kven syntest synd på deg?

20. Borna dine ligg hjelpelause på alle gatehjørne som antiloper i garnet, fulle av Herrens vreide, av trugsmålet frå din Gud.

21. Difor, høyr dette, du som er plaga, du som er drukken, men ikkje av vin!

22. Så seier Herren, din herre og din Gud, som fører saka for sitt folk: Sjå, no tek eg ut av di hand det begeret som fekk deg til å rava, aldri meir skal du drikka den skåla att, mitt vreidebeger.

23. Eg rekkjer det til dei som plaga deg, dei som sa til deg: «Legg deg ned! Vi skal trakka på deg.» Du måtte gjera ryggen til flat mark, til ei gate å gå på.

»